Endrar hustypar på Gjertneset:

Folk ville ha sprekare hus

– På førsommaren fekk vi tilbakemelding frå kundane om at dei ønskte endå sprekare hustypar enn vi hadde planlagt.
Nyhende

Slik forklarar salssjef Odd Erik Hovden ei av årsakene til at Norhus har blitt hengande litt etter med utbygginga av det nye bustadområdet på Gjertneset. Entreprenøane si ferieavvikling er likevel viktigaste grunnen til at det har vore opphald i arbeidet no i sommar.