Dette skriv Herøy kommune på sine heimesider. Stillinga er derimot ikkje ukjend for Dypvik, ho har nemleg vikariert i jobben det siste året.
– Eg har vore vikarrektor sidan 1. oktober 2018. Moltu skule har vore ein god arbeidsplass for meg, og eg er takksam for å få fortsette der, fortel ho.
Åse er 46 år og kjem opphavleg frå Tomrefjord i Vestnes kommune, og har budd på Espeseth i Herøy i 13 år. Ho er gift og har tre born.
Dypvik har elles utdanning innan tekstil og kunst, i tillegg til lærarutdanning frå Høgskulen i Volda.
– Som pedagog og rektor er eg svært oppteken av at utvikling og læring skjer gjennom fokus på det positive og å bygge på det ein får til, både i undervisningssituasjonar og i skulen sitt utviklingsarbeid.
Ho er elles audmjuk til det ho sjølv omtalar som ei stor oppgåve.
– For å klare dette er det viktig at vi på skulen i lag med heimane spelar på same lag, kommenterer ho til Herøy kommune.