Ladar opp til Kvalsvikdagen med «Pylseveka»: – Eit høgdepunkt i seg sjølv

Kor mange pølser går med i oppladinga til årets utgåve av Kvalsvikdagen no til helga? Ikkje godt å seie, men at dei kjem til å nærme seg tusen er ikkje grendelagsleiar Kjetil Bjørneset i tvil om.
Nyhende

Det er måndag føremiddag. Fleire kvalsvikarar, og også nokre utanfrå bygda, har samla seg på hamna, klare for å gjere ein felles innsats for å stelle i stand bygda til Kvalsvikdagen som går av stabelen på laurdag (10. august). Graset skal slåast, fjøra skal ryddast og telt skal settast opp, men når sant skal seiast …