Fiskeeksport for vel ein milliard kroner frå Fosnavåg i 2018: Store tal – små marginar

-Vi driv i ein bransje med stor konkurranse og små marginar. Slik har det vore, og slik kjem det vel òg til å bli, men Brexit kan gjere det enda vanskelegare.

FRYKTAR BREXIT: Som fiskeeksportørar flest fryktar Paul Harald Leinebø konsekvensane av ein hard Brexit. For PHL Seagold er England ein stor og viktig marknad. Foto: Kristoffer Nærø Ytterland. 

Marginane burde ha vore større, men vi får berre stå på vidare– Marginane burde ha vore større, men vi får berre stå på vidare

Bjørn Otterlei
Nyhende

Det seier Paul Harald Leinebø i fiskeeksportselskapet PHL Seagold. Han og dei tre andre fiskeeksportørane i Fosnavåg eksporterte fisk for til saman 1.034 millionar kroner i fjor, eller 81 mill. kroner mindre enn året før.