«Berre» sytti offshorefartøy igjen i opplag, men mange kjem aldri i Nordsjøen igjen

Gryande optimisme i marknaden har ført til færre norske offshorefartøy i opplag. No er talet kome under sytti, medan det på det mest var godt over hundre norske offshorefartøy i opplag.
Nyhende

Ifylgje Westshore ligg no 68 norske offshorefartøy i opplag. Desse fordeler seg på 35 ankerhandteringsfartøy (AHTS), 31 plattform supplyskip (PSV) og to fleirbruksfartøy (MPSV). Berre sidan nyttår er 24 fartøy løyste frå opplagsbøyene. Nokre av desse vart tekne ut av marknaden så tidleg som i 2015.