– Arrangementet var uhyre vellukka, og vi koste oss alle mann.

Det fortel Britt Skjelbred, ein av etterkomarane av Gerhard og Lina Notøy.

Ho vil gjerne dele litt av slektshistoria, og den opplevinga etterkomarane hadde då dei var samla i helga, med Vestlandsnytt sine lesarar.

Ho fortel at Gerhard Notøy og Lina Haddal Notøy var eigarar av Simonsplass og Tunstad på Nautøya. Dei fekk elleve barn, og av dei vaks ni opp.

Gerhard Notøy døde i 1926, i ein alder av 79 år. Lina levde til ho var 95 år, og døde i 1952.

Dei hadde barna Haldis (gift Grøndal), Kristine (g. Foldal), Gina (g. Torvik), tvillingane Fritjof og Halfdan, Lovise, Lina Karina (g. Grøndal), og den yngste var Karen (g. Skarbø).

Skjelbred fortel at på treffet var dei tre barnebarna Karen Jarnes, Olger Skarbø og Georg Notøy med. I tillegg var det med fleire oldebarn, og nokre hadde også med seg sine ektefellar.

Fekk sjå gamle bilete

Slektstreffet starta fredag, då store delar av slekta var samla på det gamle skulehuset på øya. Her viste Solfrid Hagemann gamle bilete på storskjerm, og fortalde om kjende menneske og korleis livet var før. Vi hadde også med eigne bilete, som vi viste fram og diskuterte, seier Skjelbred.

– Stemninga var veldig god, og elles så koste vi oss med kaffi, kaker og pizza i det fine vêret, seier Skjelbred vidare.

Guri Aasen fortalde om Herøy

Laurdag heldt slektstreffet fram, og mellom postane på programmet var omvising på Herøy gard. Her fekk vi flinke Guri Aasen som guide, fortel Skjelbred.

Slektstreffet vart avslutta laurdag kveld, då gjengen var samla til middag på Lanternen.

Avslutningsvis fortel Skjelbred at slekta har god kontakt, og at dei har oppretta ei eiga gruppe på Facebook for å halde kvarandre oppdatert.

– Her legg vi ut bilete og andre interessante ting. Gruppa blir berre større og større, og ein kan bli medlem om ein er etterkomar av Gerhard Notøy og Lina Haddal Notøy, avsluttar Skjelbred, som er svært takknemleg for opplevinga i Herøy.