Alfred Ristesund var åleine som lokal svinerøktar:

Siste grisane er slakta

Då Alfred Ristesund nyleg sende dei siste grisane til slakteriet, markerte det samstundes slutten for grisehald i Sande og Herøy.
Nyhende

– For min del ligg det ingen dramatikk i at eg avviklar svineproduksjonen. Litt spesielt er det sjølvsagt likevel, etter at vi har drive med gris i fleire generasjonar her på garden, seier gardbrukaren sjølv.