Fine og litt mystiske lydar siv ut gjennom ei open verandadør i eit eldre hus i Haugsbygda.

Her har spelkomponist Tale installert seg, og førebur seg på sitt tredje humorspel ute på den andre sida av fjorden.

Jostein Storøy er mannen som kom med ideen om å bruke techno-inspirert musikk i spelet. Då han slutta, tok Nils Iver Holtar over stafettpinnen. Han sette heilt nytt musikalsk stempel på spelet.

«Tale-avtrykk»

No har spelet fått eit tydeleg «Tale-avtrykk» som er ytterlegare vidareutvikla til årets spel. Tale Vang Ellefsen er elles Nils Iver sitt syskenbarn.

– Det er litt rart å gå rundt i Trondheim sine gater og ha hav sunnmørske replikkar klingande inne i hovudet. Så kjem det nye idear til, og no gler eg meg til å setje musikk og lyd til handlingane som skal skje på Kongsvollen.

Det seier 27-åringen som har ein allsidig bakgrunn, både utdanning- og jobbmessig. Mellom anna er ho utdanna innan musikkproduksjon og komponering for scene, film og TV.

Tale er til dømes leiar for musikkfestivalen Feminalen.

– Sjølv har eg ikkje høyrt om andre kvinner som er musikkansvarlege for spel. Eg trur ikkje det er andre spel i landet vårt som inneheld større grad av lydlegging og effektar, utført av berre éin person, seier Tale Vang Ellefsen.

Sakna spelet i fjor

– Tale er utruleg viktig for spelet. I år har ho mellom anna bidrege med ny musikk både til kongesongen og nonnesongen.

Det seier mannen som like før hang høgt på nabohuset sin vegg, med målarkosten i handa. Vi snakkar om regissør Oddbjørn Hagen, som har spasert over til Tale for å ta ei siste oppdatering.

– Eg har lenge gledd meg til Kong Arthurspelet, og kjende eit sakn då spelet hadde pause i fjor, fortel Tale.

Ho omtalar Kong Arthurspelet som dramatisk, humoristisk og kjenslevart. Alt saman skal ho forsterke og syne publikum gjennom musikk og lyd. Det er stort ansvar og ein stort arbeid, som ho samstundes boblar av glede over å få skape.

Kong Arthurspelet skal framførast på spelplassen Kongsvollen på Sandsøya laurdag 10. og søndag 11. august.