Håper på støtte både frå kommunen og fylkeskommunen

Sandsøy og Voksa grendelag og bygdemobilisering håper at både Sande kommune og fylkeskommunen vil støtte opp om utviklingsprosjektet dei har sett i gang.

Nokre av dei sentrale i arbeidet med utviklingsprosjektet: f.v. Trine Lise Auflem Vik, Kjerstin Rebekka Sande, Anne-Lise Johansen, Liz Rekve, Karin Flatøy Svarstad og Gjermund Magne Bringsvor.  Foto: Endre Vorren/arkiv

Nyhende

Som tidlegare omtala, har øysamfunnet sett i gang eit folkeeigd utviklingsprosjekt med målsetting om å snu fråflytting til auka etablering og tilflytting til øyane.