Tre lag frå Herøy var kvalifiserte for A-sluttspelet etter at det innleiande gruppespelet i Norway Cup vart avslutta tysdag kveld. Berre eitt av dei gjekk vidare frå 32-delsfinalen.

To lag frå Bergsøy og eitt frå Tjørvåg skulle onsdag halde fram i turneringa og kjempe om avansement i det gjevaste sluttspelet i Norway Cup.  For dei sju andre lokale laga blir det play off i B-sluttspelet utover ettermiddagen og kvelden.

Bergsøy gruppevinnar

Bergsøy sine 16-åringar kunne avslutte gruppespelet som gruppevinnar etter å ha vunne 8-0 over Nordre Fjell i den tredje og siste gruppespelkampen. Dette var tredje strake sigeren for Bergsøy-gutane, som frå før hadde vunne 4-0 over Stordal og 3-1 over Vollen.

Fyrste motstandar i A-sluttspelet var Raufoss, som hadde imponert stort i gruppespelet og var favorittar. Trass i ein velspela og godt gjennomføt kamp av Bergsøy blei det siger 2-1 til Raufoss.

– I denne klassen var det heile 117 lag i år og vi har sett mange gode prestasjonar, seier lagleiar Hanne Reite.

Bergsøy 14 vidare

Betre gjekk det for 14-åringane til Bergsøy, som blei nummer to i si gruppe etter ein siger, ein uavgjort og eitt tap. Gutane avslutta med 1-1 mot Oppegård.

32-delsfinalen mot Bremnes vart eit jamt og spennande oppgjer, som Bergsøy til slutt vann 1-0 på «sudden death».

Dermed gjekk Bergsøy-gutane vidare til 16-delsfinale torsdag ettermiddag.

Tjørvåg-jenter vidare i A

Også jentene til Tjørvåg kvalifiserte seg for A-sluttspelet etter at dei tok andreplassen i si pulje innleiingsvis. To sigrar og eitt tap gav seks poeng og billett til finalespelet der Seljord var mostandar.

Etter ein jamspela 32-delsfinale, og 1-1 etter ordinær tid, måtte kampen avgjerast på straffekonkurranse. Der rauk Tjørvåg-jentene dessverre ut etter bom på straffe nummer seks.

Gutelaget til Tjørvåg var også nære A-sluttspelet, men tapte andreplassen i gruppa på dårlegare målskilnad enn Rosendal – eit lag som Tjørvåg spelte 0-0 mot i gruppespelet. I denne gruppa var det fire kampar på kvart lag, og etter to sigrar, ein uavgjort og eitt tap blei det sju poeng på Tjørvåg-gutane. I skrivande stund var det ikkje klart kven dei skal møte i 32-delsfinalen i B-spelet.

Begge Tjørvåg-laga stiller felleslag med Gurskøy og Moltu.

Gursken/Gjerdsvika

Begge dei to laga til Gursken/Gjerdsvika må nøye seg med B-sluttspel. Nærast A-sluttspel kom jentelaget (13/14) som etter to sigrar og to tap blei nummer tre i si gruppe. Jentene avslutta med 1-0 over Sotra, som kapra andreplassen i gruppa med eitt poeng meir enn Gursken/Gjerdsvika.

Jentene frå Larsnes

Jentelaget til Larsnes greidde uavgjort mot Skeid i fyrste kampen, men tapte dei to andre og fekk den sure tredjeplassen bak dei to som gjekk til A-sluttspelet.

3XB for Bergsøy

B-sluttspel blir det også for dei tre andre Bergsøy-laga. Både gutar 18/19 og jenter 15/16 fekk ein siger kvar og tok tredjeplassen i sine grupper. På gutar 13 blei det sisteplassen i gruppa etter tre strake tap.

Send gjerne inn fleire lagbilde frå Norway Cup.