Tysdag tok Oskar Fjørtoft Sandanger frå Larsnes med seg veslebrørne sine, Isaac (14) og Peter (12) til Ullevaal stadion for å sjå vennskapskampen mellom Kristiansund og Manchester United.

Denne historia startar elles fleire timar før kampen starta:

Sandanger-brørne troppar opp ved Radisson Blu Hotel Nydalen i håp om å få eit glimt av stjernespelarane. Gutane set seg på ein kafé og ventar i fleire timar.

Endeleg kjem bussen med Manchester United-laget. Isaac og Peter roper på spelarane.

– Alle kom sjølvsagt ikkje bort, men Solskjær gjorde det, og han tok seg tid til å prate, signere og ta bilde med alle som var der. Assistenttrenar og tidlegare United-spelar Michael Carrick – ein legende for min del – kom også bort, fortel Oskar Sandanger.

Det gjorde også den svenske stjernespelaren Victor Lindelöf.

Fekk trøye

Sjølve kampen beskriv gutane som heilt grei. Det var det som skjedde etterpå som skulle kome til å skape minne for livet:

Manchester United har slått Kristiansund 1–0. Dei går ein heidersrunde på banen, medan publikum klappar fornøgd. Isaac og Peter har laga plakatar. På Peter sin står det: «Lingard, can I please have your shirt?». 12-åringen ropar ut namnet til idolet, Jesse Lingard – og plutseleg får dei augekontakt.

Fotballspelaren trekkjer av seg overtrekkstrøya og kastar ho mot Peter. Men der står massevis av folk rundt den unge guten. Sjølvsagt vil også desse ha trøya. Då tek storebror Oskar ansvar.

– Eg hoppa opp og tok ho, seier han.

Uforglemmeleg

– Det var heilt sjukt å få trøya. Eg hadde no eit lite håp, men det var ikkje noko eg trudde at kom til å skje, seier Peter, som sjølv drøymer om å bli fotballspelar når han blir stor.

– Om nokre år satsar vi på at det er han som kastar trøya si til norske fans, humrar Oskar Sandanger.