I denne framsyninga får tilhøyrarane vere med på ei historievandring 250 år attende – til Herøy handelsstad si stordomstid i andre halvdel av 1700 talet.

Nede ved kaia ligg sunnmørsjekta Anna Olava. Men kven var eigentleg kvinna som i 14 år var husfrue her og som den ærverdige skuta er oppattkalla etter?

Tyst om Anna Olava

Meir kjend er nok husbonden hennar – Sivert Olsen – som var den fyrste store handelsdrivande på Herøyholmane, og som i tillegg kunne smykke seg med titlane kyrkjeeigar og proprietær.

Medan Sivert og mange andre «anseelige herrer» sine ettermæle er teke i vare for etterslektene gjennom hyllemeter på hyllemeter med skriftlege kjelder, kviler det ein øyredøyvande tystnad over Anna Olava og medsøstrene hennar sine bragder. Dette søkjer denne framsyninga å bøte på!

Gjennom å lime saman fragment frå kyrkjebøker, arveskiftedokument og litteratur om kvinnene sine levekår på 1700 talet, har Guri Aasen ynskt å skape eit bilete av korleis livet til Anna Olava kunne ha arta seg på denne handels- og kyrkjestaden med sitt yrande liv.

Som kvinne, mor og husfrue for ei stor hushaldning, tenarskap, kyrkjegjengarar og tilreisande.

I sitt rette element

Ingenting er meir naturleg enn at den sceniske ramma er nettopp stovene der Anna Olava Berg Olsen sjølv for snart 250 år sidan sette sitt preg på kvardagsliv og høgtid, arbeid og fest, og der ho nok opplevde både store gleder og tunge sorger.

Først til mølla

På grunn av romtilhøva, romar framsyninga maksimalt 20 tilhøyrarar, så her vert det «førstemann til mølla». Om det skulle syne seg å kome «altfor mykje» folk som vil vere med, vert det sett opp ekstraframsyning.

Framsyninga varer i om lag 45 minutt. Sjå Herøy Kystmuseum si Facebookside eller ta kontakt med museet for meir informasjon.