– Grace ... gris. Det klinger fint då.

Kunstnar Marit Moltu tenkjer høgt, litt humoristisk, medan ho viser veg inn til den gamle, mørke, kjølige grisefjøsen i løda på Brekkegarden.

– Det handlar om nåde og er ei slags unnskylding til grisen for at vi har plaga han så fæsleg, seier ho.

Eigarane av garden, Nina Elisabeth Bøe og Alv Ottar Folkestad, visste ikkje ein gong at det vesle rommet var der før Alv Ottar oppdaga det under ei ryddeøkt. Dette er til Marit, hadde han sagt.

– Det skal bli eit kapell, seier Marit.

Ho har i mange år jobba med oppgradering av «ubrukelege» rom og skapt dei om til små, sakrale stadar. Romma går under tittelen «Stadar for Stunder».

– Dette er eit slikt løynd rom, men denne gongen er det også med tanke på dyr som har det vondt. Eit stille rom vi kan tenkje i, forklarer ho.

«Hidden Spaces»

Tru det eller ei, men ideen om grisefjøsen starta faktisk med Nina Elisabeth Bøe sin sommarfuglhage, som vi skreiv om i Vestlandsnytt sitt hus,- heim,- hage-nummer i vår.

Marit er éin av fire kunstnarar som Nina har invitert til kunstnarworkshop på Brekkegarden denne veka. Søndag skal dei vise fram kva dei har laga i ei utandørs utstilling. Då vert også Sommarfuglhagen opna. Hagen og årets kunsttema heng tett i hop.

– Alle levande vesen har ein del grunnleggande behov som er ganske like: Det fredlege, det artsrike og det romlege. Difor har utstillinga fått namnet «Hidden Spaces» (hemmelege/skjulte rom), både i fysisk og overført tyding, seier Nina.

Terapeutisk hagebruk

– Parallelt med sommarfuglsatsinga har vi planlagt eit program for såkalla terapeutisk hagebruk, seier Nina, og viser mellom anna til undersøkingar og erfaringar gjort ved Alnarps Rehabiliteringsträdgård i Sør-Sverige.

– Alle deira publikasjonar peikar i retning av at det menneske treng, kanskje spesielt i dei sårbare livssituasjonane, er desse intime hageromma – godt skjerma rom der du får ei kjensle av tryggleik. Og så må der vere mykje som fangar fascinasjonen; stor variasjon i former, fargar og lukter, som gjer at du for ei lita stund kan leggje alt anna bak deg, forklarer Nina.

Internasjonale kunstnarar

Kunstnarane er frå Noreg, Tyskland og Storbritannia og har workshop. Dei løyser oppgåva på kvar sin kreative måte:

– Tyske Angelica Wolf skal lage hemmelege rom av papp og kartong. Ho er inspirert av historia om «Den lille prinsen», fortel Nina.

Britiske Jenny Cleary skal lage eit «hemmeleg rom», som folk kan gå inn i for å kjenne ei forbinding til naturen.

Britiske Naomi Wright tar føre seg noko av det som ligg skjult under overflata ...

– Eg vil vise fram noko av landskapet gjennom alle røtene under jorda som held overflata i hop, forklarer ho.

Til det nyttar ho fleire metodar. Éin av dei er å bruke solenergi til å lage avtrykk av røter på tekstil eller papir. Dette kan også barna som kjem på søndag få prøve seg på.

– Då får dei lage eit fint bilete som dei kan få med seg heim, seier Naomi.

Rosehage i full blomst

No i juli kan ein også sjå resultat etter fjorårets prosjekt på Brekkegarden, då Nina laga ein rosehage full av historiske rose- buskar. No står dei i full blomst.