– Eg vart ferdig med tekstene like før eg drog på butikken.

Regissør Oddbjørn A. Hagen har nettopp kome inn døra til heimen sin i Levanger. Det er ferietid. Snart set han kursen mot Sunnmøre og Sandsøya for å gå i gang med øvingane til det som kanskje er sommarens høgdepunkt: Kong Arthurspelet.

– Eller, manuset er ikkje hundre prosent ferdig endå, for det vert det ikkje før vi møtest, held Hagen fram.

Det er det som er så fint med Kong Arthurspelet. I og med at aktørane, med Hagen i spissen, har laga det sjølv, har dei fridom til å endre det undervegs alt etter kva for idear som dukkar opp.

– For viss skodespelarane får kome med innspel, triggar det kanskje lysta til å vere med og utvikle spelet, seier Hagen.

Den tradisjonelle, moderne vrien

Tingscena på Kongsvollen er alltid med – men den har også alltid nytt tema med ein moderne vri.

– Vi fører inn aktualitet frå 2019 i ei handling lagt til 500-talet, seier Hagen.

I fjor dukka den amerikanske presidenten Donald Trump plutseleg opp. I år vert det også storpolitikk, røper Hagen.

– Sandsøya er jo, som dei fleste øyane ute i havgapet, ei øy med fråflytting. Det vert teke opp svært seriøst, i tingscena, korleis ein skal auke befolkninga. Det vert ei sak mellom kvinner og menn, men også ei politisk sak i ein større samanheng, seier han.

Kan det hende at den synske «Dondrå», i år spela av jordmor Marianne Brune Leikanger frå Larsnes, har løysinga på problemet?

Fekk skryt av historikar

I ein artikkel i Sunnmørsposten, datert 5. august 2017, fortel historikaren Hans Jacob Orning om kvifor han meiner at mange spel er rein lokalpatriotisk idioti. Han meiner dei ville blitt meir interessante om ein brukte dagens historieforståing. Der er Kong Arthur-spelet eit føregangseksempel. I artikkelen seier Orning mellom anna:

– Det er eit fantastisk morosamt spel. Sjølv skjønte eg berre 60–70 prosent og lo kanskje på feil plassar, men det er frigjerande med eit spel som ikkje går inn i dei sjangrane vi er så vande med.

Ny musikk

Musikk er ein viktig del av Kong Arhurspelet.

– Vi mange gode songarar i ensemblet, og det vil vi gjerne utnytte, seier Hagen.

I år er der fleire nye songar på repertoaret. Mellom anna skal ei av nonnene syngje ein kort, men utfyllande song. I tillegg har kongesongen fått ny melodi. Oskar Fjørtoft Sandanger, som spelar kongen for tredje gong, har uttrykt ønske om at han ønsker ny melodi på kongesongen.

– Difor er den tilrettelagt for han.

Minsteguten «Tord»

Hovdingen har ein ukjend son på garden på Kongsvollen, minsteguten Tord. Han vert skifta ut med jamne mellomrom etter kvart som skodespelarane vert for store. I år er det fjerde gong han vert byta ut.

– I år vert han spela av Peter Sandanger (veslebroren til Oscar Sandanger, red. mrk.). Han har ei stor rolle gjennom heile stykket og vil gjere ein god del morosamt spel saman med Skakk (Odd Kåre Wiik), som er «skakk» både i kroppen og kjeften, humrar Hagen.

Rollelista

Elles er hovudrollelista slik:

Kong Arthur: Oskar Fjørtoft Sandanger, Larsnes

Merlin: Arild Sande, Gursken

Isak frå Dollsøy: Bjarte Rovde, Larsnes

Frid: Marlen Hauge Knotten, Larsnes

Trym: Adrian Helde Remøy, Remøy

Møyfrid: Eilen Kvamme, Kvamsøy

Tord: Peter Sandanger, Larsnes

Dondrå: Marianne Brune Leikanger, Larsnes

Skakk: Odd-Kåre Wiik, Gursken

Skake: Lena Solbakken, Gursken

Olda: Astrid Brandal, Åram

Old: Knut Nystøyl, Larsnes

Gorm: Herman Brune Leikanger, Larsnes

Wiglaf: Knut Olav Skare, Voksa

Guri og Flokse: Aina Kvamme, Kvamsøy

Gneldre: Kim Sætre, Gursken

Kvine: Annbjørg Frågodt, Larsnes