Til helga blir verdas største fotballturnering for jenter og gutar sparka gang. Til saman ni lag frå Herøy og Sande er påmelde denne gongen og skal kjempe mot jamaldringar fram til turneringa blir avslutta neste laurdag.

Ni lokale lag er fire færre enn i fjor.

Medan Bergsøy og Larsnes stiller med reine klubb-lag, har Gursken og Gjerdsvika gått saman om eitt lag denne gongen. Øyane i Sande er ikkje representerte i år, Gurskøy stiller heller ikkje eige lag. Dei og Moltu er på lag med Tjørvåg.

Satsar på Norway cup

– Alle ønskjer å vinne, men det sosiale med ei slik turnering er ei like viktig årsak til at Norway cup er eit satsingsområde for oss.

Slik svarar dagleg leiar Tom Beddari på spørsmål om kva ambisjonar Bergsøy fotball har for årets storhending på Ekebergsletta.

– For oss er Norway cup-deltaking ein fin tradisjon, og Bergsøy er ein klubb som blir lagt positivt merke til på Ekeberg. Også denne gongen kjem vi til å vere ein stor koloni med spelarar, trenarar og ikkje minst foreldre, legg Beddari til.

– Bergsøy har ikkje reint juniorlag i år, så på 19-årslaget vårt har dei også med 17- og 18-åringar.

Gutar 2003 er derimot eit reint 16-årslag, og dette er eit lag Beddari har tru på at kan hevde seg bra.

– Det er opp til trenarane å legge ambisjonane, men eg trur dette laget, som spelar i fyrstedivisjon her heime, vil bite godt ifrå seg, seier han.

I klasse gutar 14 møter Bergsøy mellom andre Augur, som er den einaste estiske deltakaren i årets Norway cup.

Jenter for Larsnes i år

Larsnes sine gutar imponerte i fjor og spelte seg heilt fram til kvartfinalen i A-sluttspelet. I år er det jentene som skal representere Larsnes, og lagleiar Oddbjørn Indregård trur at også dei vil gjere ein god figur.

Her heime har i alle fall jentene hatt ein god sesong så langt, med resultat i overkant av det som lagleiaren hadde forventa. Etter andreplass i vårsesongen, blei det opprykk til ny avdeling etter sommaren.

Til Norway cup reiser dei litt redusert sidan det berre var ti av tolv jenter som hadde høve til å vere med.

– Ein storklubb som Skeid kan nok bli i hardaste laget, men dei to andre vi skal møte i gruppespelet trur eg det skal vere mogleg å hevde seg bra mot, seier Indregård.

Også han vil framheve det sosiale utbytet med Norway cup som like viktig som det sportslege.

– Jentene reiser nedover for å få ei kjekk oppleving. Så skal dei spele nokre fotballkampar og elles nyte veka dei er i Oslo, seier han.

Dette er motstandarane dei lokale laga skal møte i gruppespelet:

Bergsøy 2000 (gutar 19): Heming, Vard Haugesund, Fyllingsdalen

Bergsøy 2003 (gutar 16): Stordal, Vollen, Nordre Fjell

Bergsøy 2005 (gutar 14): Storm /Siljan, Augur (Estland), Oppegård

Bergsøy 2006 (gutar 15): Hødd, Flaktveit, Lyn

Bergsø 2003 (jenter 15-16): Porsanger, Sjetne, Bjerkvik

Tjørvåg 2003 (gutar 16): Kjelsås, Bryn/Bud, Rosendal, Ølen

Tjørvåg 2006 (jenter 13): Frisk Asker, Heia og Oppsal

Gursken/Gjerdsvika 2005 (gutar 13/14): Seljord, Vedavåg/Karmøy, Huk

Larsnes 2003 (jenter 15/16): Skeid, Bagn, Fitjar