– Dette er det største opplegget vi nokon gong har hatt, og det gjeld både mengde utstyr og tal på frivillige medarbeidar, seier Olav Kvalsvik.

Han er leiar av prosjektet som kjem til å engasjere 80-90 frivillige i dei sju kommunane til saman. I tillegg krevst det mykje utstyr som bygderadioen vil skaffe til veges både gjennom kjøp og leige frå andre.

300.000 kroner

Til kjøp og leige av utstyr og folk har bygderadioen i denne samanhengen budsjettert med ein kostnad på nær 100.000 kroner.

– Om vi reknar ein viss timepris på det frivillige arbeidet vil totalkostnaden med prosjektet nærme seg 300.000 kroner, seier Kvalsvik.

Sju folkemøte

Opplegget går ut på å arrangere eit folkemøte i kvar av dei sju kommunane i løpet av den næraste tida før valet i september. Der vil alle som stiller liste ved kommunevalet få vere med på sendinga, som i tillegg til innleiings- og avsluttingsappellar, vil dreie seg om politiske diskusjonar rundt aktuelle tema.

Kvalsvik fortel at dei i kvar kommune har sett ned ein redaksjon til å finne fram aktuelle politiske tema og spørsmål å stille deltakarane.

Folkemøta skal vare i to timar, bortsett frå i Volda. Der er det så mange lister at sendinga må utvidast med ein time.

Opplegget startar med folkemøte på Herøy kulturhus tysdag 27. august og går vidare slik: Volda onsdag 28., Hareid torsdag 29., Ulstein fredag 30., Vanylven tysdag 3. september og Ørsta onsdag 4. september. Torsdag 5. september blir det heile avrunda med folkemøte i Sande.

Ber om støtte frå kommunane

Folkemøta skal direktesendast både på FM-nettet og internettradio, og i tillegg skal Herøy Lan videstreame arrangementa for avspeling m.a. på Youtube.

Bygderadio Vest søkjer Herøy kommune om eit tilskot til dekking av kostnader med valsendinga som er planlagt i slutten av august. I Herøy skal det arrangerast eit ope folkemøte på kulturhuset tysdag 27. august med direktesending både på FM-nettet og internettradio.