Slik konkluderer økonomileiar Elin Rekdal Skogstad etter ein marknadssjekk. Konklusjonen er basert på ein analyse der den historiske utviklinga av kommunen sine fondsmidlar har stått sentralt. Her går det fram at Sparebanken Møre har levert klart dårlegast av kommunen sine tre forvaltarar.

Carnegie best

Av dei tre som har forvalta kommunen sine fondsmidlar er det Carnegie som har levert det klart beste resultatet. Carnegie har òg hatt den største porteføljen og har forvalta om lag ein halv gong meir enn Sparebanken Møre og Pareto til saman.

I 2018 hadde kommunen vel 30,2 (30,1) millionar kroner plassert hos Carnegie, vel 11 (11,6) millionar hos Pareto og vel 9 (8,3) millionar kroner hos Sparebanken Møre. Tala i parentes viser summen dei tre forvalta i 2007.

Samanlikninga med 2007 må sjåast i samanheng med at rådmannen gjorde eit uttak på 20 millionar kroner i 2013 fordelt på 16 millionar kroner frå Carnegie og fire millionar kroner frå Pareto.

Møre Aktiv forvalting slapp derimot å endre noko på portefølja si i 2013, men i samanlikning med dei to andre – og særleg Carnegie – har Møre Aktiv levert eit beskjedent resultat.

Eit simulert resultat viser at Carnegie-porteføljen ville ha auka til 46 millionar kroner utan uttaket i 2013. Det er særleg etter uttaket det året at Carnegie har fått pengane til å vekse. Nærare bestemt har Carnegie-porteføljen meir enn dobla seg i verdi frå 2013 til 2018.

Ein vesentleg skilnad på Sparebanken Møre og dei to andre er at banken ikkje driv aktiv forvalting, men berre fungerer som eit mellomledd. Banken sine tenester er difor rimeleg prisa, men dei er likevel ein kostnad for kommunen, slår Skogstad fast.

Kommunen går heller ikkje vidare med Pareto, som opererer med dei høgaste prisane og likevel leverer beskjedne resultat over tid.

I staden for tre forvaltarar, går kommunen no ned til to. Skogstad viser til at kommunen har valt ODIN forvalting som kommunen sin andre forvaltar, og dette er gjort mellom anna på bakgrunn av tips frå nabokommunane