Fylkestinget er dei som prioriterer og bestemmer innan for desse områda. Vi meiner derfor det er viktig at ungdom engasjere seg før haustens fylkestingsval.

Det seier nestleiar i ungdomspanelet, Ole August Iversen.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal er fylkestinget sitt ungdomsråd. Dei er partipolitisk nøytrale, og er eit rådgivande organ som skal passe på at ungdom blir lytta til. For å skape merksemd om både det føreståande fylkestingsvalet og ungdomspanelet si rolle, vil det i sommar henge plakatar på bussane i fylket.

– Vi treng å informere ungdom om at vi representerer ei stemme inn i beslutningar som gjeld viktige tenestetilbod til unge i fylket, fortel Iversen.

Vil vite kva ungdom meiner

– For oss i ungdomspanelet er det viktig å vite kva ungdommar i fylket ønsker! Når ferien er over og før kommune- og fylkestingsvalet, er det skuleval på dei vidaregåande skulane. Då vil vi i ungdomspanelet gjennomføre ei spørreundersøking blant elevane, for å finne ut kva ungdom i fylket er opptatt av. Denne undersøkinga vil gi oss eit godt grunnlag for å gi fylkestinget gode råd i saker som er viktig for ungdom, seier leiar i ungdomspanelet, Urtė Karanauskaitė, som er frå Sande.