Møre og Romsdal fylkeskommunen har sendt ein førespurnad til kommunane om økonomisk medverknad til drift av ei bokbåtteneste i fylket. Kommunane blir bedne om å svare på om, og i kor stor grad, dei kan tenkje seg å bidra til bokbåttenesta.

Fylkeskommunen si rolle i ei forlenga bokbåtteneste skal etter planen endrast frå drivar til tilskotsgjevar. Det betyr at ein eller fleire kommunar må stå som driftar av tenesta på vegner av dei andre kommunane.

Fylkeskommunen har motteke innspel frå fleire kommunar som ønskjer å vere med på å drifte ei bokbåtteneste etter august 2019.