Dette var eitt av fleire innspel som dei frammøtte kom med på folkemøtet om utbyggingsplanane på verftsområdet til Larsnes Mek. Verksted.

Som venta var det den planlagde høghallen som fekk mest merksemd på folkemøtet. Hallen skal byggast over den nye tørrdokka og vil rage 30 meter over bakken med ei lengde på 141 og breidde på 40 meter. Hallen vil dermed bli eit ruvande element på det sentrumsnære verftsområdet.

Hallen skal byggast over den nye tørrdokka som vil ligge under sjøflata, og dei utsprengde massane skal nyttast til å utvide kaiområdet med.

Dempande tiltak

Frå arkitekten blei det peika på fleire tiltak som kan vere med å dempe høgdeverknadene på hallen. Det gjeld mellom anna horisontale linjer i fasaden, men mulege motiv, klatreplantar eller andre verkemiddel kan og leggast inn i planen for å dempe høgdeinntrykket.

Frå forsamlinga blei det kommentert at med tanke på dempande motiv, vil det vere betre med abstrakt kunst enn naturbilde. Her blei det vist til hallen ved Ulstein verft og Rostein sin hall på Haramsøya.

Føremålet med møtet var å opplyse om og få innspel til den pågåande reguleringsprosessen. Eitt av innspela som kom var bevaring og utviding av grøntområdet i Holmesundet.

Meir visualisering

Den planlagde utvidinga er visualisert i fleire variantar, men på folkemøtet blei det etterlyst ei visualisering frå bakkenivå. Det kom òg ønskje om fleire bilde som viser annlegget sett langs sjøen frå fylkesvegen, samt bilde som viser korleis anlegget vil ta seg ut med Sandetun som utsiktspunkt.

Lys og lyd

Vidare blei det etterlyst bilde som kan vise skuggeverknad frå hallen til ulike tider på året og døgnet. Krav til utslepp av støy må takast inn i føresegnene, og det same gjeld bruk og plassering av lys.

Frå verftsleiinga blei det opplyst at bygging av dokk, hall og kai har høg prioritet. Andre utbyggingar på området vil skje gradvis.

I tillegg til verft og arkitekt var også kommunen godt representert på møtet som samla rundt femten andre interesserte.