Det seier finansdir. Pål Aurvåg etter at Havyard har fått ja frå obligasjonseigarane til endra lånevilkår for eit usikra obligasjonslån. 90,2 prosent av obligasjonseigarane sa ja til å vere med på endringsopplegget for lånet som er på 87,5 mill. kroner.

Etter dei nye vilkåra skal lånet innløysast seinast i juni neste år, men ifylgje Aurvåg er intensjonen å løyse det inn i løpet av 2019.

Når eit selskap kjem i brot med lånevilkåra har obligasjonseigarane rett til å krevje lånet innløyst. Som Havyard melde om tidlegare i år var dei komne i brot med lån både frå byggelånsbank og det aktuelle obligasjonslånet.

I den samanhengen melde selskapet eit litt større tap på to byggeprosjekt og var nøydd til å finne ei løysing.

– Etter det har vi jobba med bankane og opplegget vi kom fram til har obligasjonseigarane no sagt ja til, seier Aurvåg.

For å finne pengar til å dekke tapet valde Havyard å selje MMC der selskapet eigde 75 prosent av aksjane. Dermed fekk Havyard i overkant av 230 millionar kroner på konto.