Reaksjonane let ikkje vente på seg då Herøy gard og Herøy kystmuseum heldt stengt i fjor sommar for andre enn grupper som hadde gjort avtale om besøk. Denne sommaren har garden derimot vore open kvar onsdag, torsdag, fredag og søndag, og slik vil det vere til langt ut i august.

– Og det er slettes ikkje berre dei sagnomsuste Herøy Gard-vaflane museumsgjestene kan få smaken av, må vite, forsikrar Guri som er svært godt nøgd med besøket så langt i sommar.

Sommarutstilling

I tillegg til å kunne ta del i den tradisjonsrike kulturhistoriske omvisninga gjennom kyrkje- og handelsstaden i si mangslungne historie, også med segna om Anna med barnet, kan ein i 2. høgda i hovudhuset bivåne sommarustilling med kunst, kunsthandverk og kortreist matglede frå elleve skapande utøvarar og produsentar.

Aktivitetar

For at også barnefamiliar skal få størst mogleg glede av besøket, kan ein på museumsbilletten låne utstyr til tradisjonsrike barneleikar frå « ei tid som var» - som hesteskokasting, «anti – pigg», kaste på mjølkespann, Kubb og meir til. Desse aktivitetane skulle kunne by på strålande moglegheiter for besøkande til sjølve å arrangere innbyrdes turneringar og konkurransar på museumsområdet. Museet hjelper til med tilrettelegginga.

Har ein lyst til å kome om bord i sunnmøresjekta Anna Olava, gå på stylter, tvinne hoppetau, skrive med penn og blekk, karde ull og spinne på handtein, tilbyr vi det også.

Kultursøndagar

Museet vil i løpet av sommaren arrangere tre kultursøndagar.

Først ut er ei forteljeframsyning som er skapt på og for Herøy Gard, vandreforteljinga « Anna Olava – den gløymde husfrua til Hørei» med Guri Aasen som forteljar i stovene i hovudhuset.

Neste kultursøndag vert i sjøbuda, med «Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra» - segntradisjonar frå Søre Sunnmøre, som Guri Aasen har utvikla for Kultursekken i Møre og Romsdal. Dette høver for alle i aldersgruppa fem til hundre og fem.

Siste arrangementet denne sommaren vert bakstedag i gamlekjøkenet, der Berit Klepp vil lære godtfolk å steike helledrivarar og kinne heimesmør, akkurat slik det vart gjort i gammal tid. Sjølvsagt får ein også lære rette måten å ringle sirup. Helledrivar utan ringla sirup er nemleg «berre ein halv-helledivar»!

Fyldig informasjon om arrangementa, opningstider og prisar finn du på Herøy Kystmuseum si Facebookside og på heimesida til Stiftinga Sunnmøre museum.