– Dette blir andre båten det tyrkiske verftet leverer til oss, fortel dagleg leiar Aksel Bringsvor i selskapet med service til havbruksnæringa som hovudaktivitet.

Bringsvor fortel at det er aukande etterspørsel av tenester som har utløyst kontraheringa av ein båt, spesielt med tanke på å styrke kapasiteten på ankerhandtering og notskifte.

– Det er gledeleg at Sparebank 1 Søre Sunnmøre har tru på satsinga vår og gjer dette mogleg, seier Bringsvor.

Nye arbeidsplassar

Sandsøy Servicebåt leverer også tenester til maritimt tilknytta bedrifter utanom havbruk og har i dag fire service- båtar i drift. Ein av desse er ein hurtiggåande dykkerbåt. Denne aktiviteten gir arbeid til 23 personar, og i løpet av komande vinter vil selskapet ha behov for fire til etter at den nye båten er overteken på slutten av året.

– Vi kan med dette utfordre Sandsøy og Voksa i utvikling med å skaffe arbeidskraft, seier Bringsvor.

Så lenge det er kvalifiserte medarbeidarar kan han prioritere fastbuande på Sandsøy.

På offensiven

Bringsvor fortel at dei allereie i februar gjekk saman med verftet og starta prosjektet på spekulasjon. Utgangspunktet var å sikre Sandsøy Servicebåt kjøpsopsjon på eit nybygg til ein god pris, og som eventuelt kunne seljast på den opne marknaden når den var ferdig.

– På det tidspunktet var vi langt ifrå sikre på om det var mogleg å overta båten, seier Bringsvor, som har opplevd at det kan vere for seint å bygge båt etter at avtalar om oppdrag er på plass.

Difor bestemte han seg for å gå litt offensivt ut denne gongen.

– Dedikerte medarbeidarar, ilag med god kommunikasjon og evne til å utføre jobbane til rett tid og avtalt pris, har ført til sterk auke i etterspørselen av våre tenester. Det er dette som gjer det mogleg å realisere eit nybygg som gjer oss tilgjengeleg for nye kundar, seier Bringsvor.

Mykje norsk utstyr

Den 15 meter lange og 12 meter breie servicebåten vil vere fullt utrusta for slep og ankerhandtering.

Sjølv om båten blir bygd i Tyrkia vil mykje av utstyret kome frå norske leverandørar. Båten får generator og framdriftsanlegg frå Nogva, 2 x 500 hk Scania DI 13 M med vribart propellanlegg, John Deere generator (32 kw) og to 120 hk thrusterar frå PMH.

Dekksutrusting og kraner skal leverast frå ODM i Haugesund og vil bestå av platelås, tauepinnar, haikjeft samt kombinert slepe- og ankervinsj på 40 tonn. Vidare ein hjelpevinsj på sju tonn, samt tre capstans på tre tonn.

Båten får to kraner, ei hovudkran som lyftar 3,2 tonn og ei «skulderkran» som lyftar eitt tonn på full lengde. Begge kranene får hydraulisk rekkevidde på 20,6 meter.

Båten skal innreiast for eit mannskap på seks fordelt på tre lugarar. Det vil bli installert batteripakke for å unngå bruk av generatorar på nattestid.