– Situasjonen er den at av dei åtte heimlane ved Herøy legesenter, er fire utan fast lege, skriv Leiv Aarflot (Ap) i eit notat om fastlegeordninga i Herøy.

Aarflot er ein av to politisk valde medlemer av samarbeidsutvalet. Dette er eit utval som skal legge til rette for at drifta av allmennlegetenesta skjer på ein hensiktsmessig måte, gjennom samarbeid mellom kommunen og allmennlegane.

I notatet skriv Aarflot at situasjonen i høgste grad gir grunn til uro, og at han heller ikkje er i tvil om at den noverande situasjonen legg eit stort press på dei legane som er i systemet.

Han meiner at det også er eit stort tankekors at det ser ut til å vere vesentleg lettare å rekruttere legar til Myrvåg legesenter enn til Herøy legesenter.

Avslutningsvis skriv Aarflot at han meiner kommunen no må vere open for nye måtar å drifte på, og minner om at det fort kan verte utoleleg for kommunen dersom utviklinga held fram.

– Vi manglar legar

Det er elles ikkje berre Aarflot og Arbeidarpartiet som er uroa. Også formannskapet er bekymra for situasjonen som har oppstått. Difor inviterte ordførar Arnulf Goksøyr (H) kommuneoverlege Torill Myklebust til å vitje dei under førre møte. Til formannskapet gav Myklebust ein grundig gjennomgang av stoda.

– Tidlegare var vi i ein situasjon der vi mangla plassar. No er vi i ein heilt anna situasjon. Vi har fått eit totalt generasjonsskifte, og no manglar vi legar, sa Myklebust innleiingsvis.

Ho viste til at det ved Herøy legesenter er 6375 listeplassar. Av desse er 1047 ledige.

– Det har vore ein masseflukt av pasientar, og det har nok oppstått ein situasjon der det er mistillit til legesenteret, kommenterte Myklebust.

Likevel er det over 1300 herøyværingar som ikkje har fastlege. Dette fordi fire av dei åtte fastlegeheimlane er utan lege. Rett nok er den eine lagt til side, då det ikkje er økonomisk grunnlag for denne heimelen.

Det høyrer også med til historia at av dei fire heimlane som i dag er betent, går avtala til ein av legane ut 1. september. Erstattaren, Kristian Gottliebsen, byrjar ikkje ved Herøy legesenter før 1. desember. I tillegg opnar Jan Magne Remøy eigen praksis frå 1. desember, men dette skal ikkje gå utover hans virke som fastlege.

– Til dei tre andre fastlegeheimlane er det ingen søkjarar, informerte Myklebust.

Fleire utfordringar

Kommuneoverlegen var relativt tydeleg på at det må gjerast endringar for å snu situasjonen. For utfordringane er mange, og fleire av dei svært vanskelege.

Myklebust var mellom anna klar på at lange fastlegelister ikkje er overkommeleg, og brukte seg sjølv som eit døme.

– Eg har sjølv ei liste på 600, men vassar i arbeid. Mange meiner det er små lister, men vi manglar ikkje arbeid, sa Myklebust.

Når det gjeld rekruttering fortalde Myklebust at ein har prøvd både den tradisjonelle utlysinga, og meir alternative variantar som å ringe rundt eller kontakte aktuelle gjennom Facebook. Tilslag har det derimot vore lite av.

– Det har også vore veldig vanskeleg å skaffe vikarar. Noko vi også ser no til sommaren. Det blir ei veldig tynn bemanning, informerte kommu- neoverlegen.

Myklebust trur at det negative fokuset som har blitt på fastlegeordninga er viktigaste årsaka, og viser til at dei aller fleste av dei nyutdanna legane vil jobbe på sjukehus.

Ein anna situasjon i Myrvåg

Samstundes er situasjonen heilt annleis ved legesenteret i Myrvåg. Her har ein fire fastlegar og ein turnuslege til å betene 3210 fastlegeplassar.

– I Myrvåg er vi i eit vegkryss, noko som gjer at vi trekker til oss pasientar både frå Sande og Ulstein også. Samtidig er det lettare å rekruttere legar hit, då det er kortare reiseveg, sa Myklebust.

– Må vere konkurransedyktige

Kommuneoverlegen meiner gode arbeidsvilkår, med mellom anna ei vaktbelastning til å leve med, er mellom dei viktigaste tiltaka ein no kan gjere. Ho trur også tida er komen for å sjå på leiarstrukturen, og den noverande strukturen med to kontor. Myklebust meiner det er viktig at det blir så likt som mogleg mellom dei to kontora i indre og ytre Herøy.

Elles nemnde Myklebust at mange ynskjer seg ei ordning der det både er hjelpepersonell og lege på vakt, samt at fleire kan tenke seg fastløn.

– Vi må vere konkurransedyktige, avslutta Myklebust.