Søre Sunnmøre tingrett har frikjent Fremtind forsikring frå eit krav om utbetaling av forsikringsoppgjer etter ein husbrann i Herøy. Retten er ikkje i tvil om at brannen var regissert av huseigarane, og iverksett med hjelp av ein tredjeperson.

Var utanlands

Huseigarane sjølve var i utlandet då bustadhuset tok til å brenne for fire år sidan. Huset brann ikkje ned, og politiet si etterforsking viste funn av fleire arnestader og andre arrangement som låg til grunn for konklusjonen om at brannen etter all sannsynlegheit var påsett.

Vekklagt som straffesak

Kravet mot forsikringsselskapet blei framsett i januar i år, og skjedde rett etter at politiet la vekk straffesaka der husiegarane og ein tredjeperson hadde vore etterforska som mistenkte for å ha arrangert brannen.

Då beviskravet er strengare i straffesaker meiner retten at det ikkje er nokon grunn til å legge nemneverdig vekt på at politiet la vekk saka.

Kjend eller ukjend?

Eit sentralt spørsmål retten skulle ta stilling til var relasjonane mellom huseigarane og tredjepersonen som var mistenkt for å ha starta brannen. Sjølv om huseigarane hevda noko anna, fann retten sterke haldepunkt for at den mistenkte var ein kjenning av huseigarane og involvert i brannen med huseigarane sin viten.

Det at ein ukjend gjerningsperson skal ha kome seg inn i bustaden og tend på framstår som heilt teoretisk for retten.

Derimot har retten notert ei rekkje forhold som tilseier at brannen var arrangert med hjelp av denne tredjepersonen.

Retten trur ikkje på huseigarane si forklaring på kvifor dei flytta verdigjenstandar ut av huset før dei reiste utanlands. Heller ikkje på kvifor dei gjennomførte utanlandsreisa trass i at bryllaupet dei skulle i vart avlyst. At leigetakarane blei oppsagde før avreisa er heller ikkje med på å styrke huseigarane si forklaring.

Huset var forsikra for nær 3,4 mill. kroner, og huseigarane sin økonomiske situasjon tilseier at retten ser eit klart økonomisk motiv for brannen.

I staden for å få utbetalt forsikringa må huseigarane dekke forsikringsselskapet sine sakskostnader på 167.000 kroner.

Huseigarane opplyser at dei vil anke domen.