– Eg har store problem med dette. Eg ser ikkje kvifor ein skal ha skjenkeløyve til havs.

Det sa Per Kristian Furø (Ap) mot slutten av ein lengre diskusjon om skjenkeløyve om bord i båtar. Furø var klar på at skjenkeløyve til havs vil vere i strid med alle sikkerheitstiltak, og at det difor var uaktuelt for han å seie ja.

– Men eg ser ingen problem om det er skjenking ved kai, la han til.

Bakgrunnen for diskusjonen var ein søknad frå Vidar Hareide og Ole-Gunnar Sævik. Dei ynskjer skjenkeløyve om bord i fiskebåten Siwa, som dei vil nytte til båtturar og turisme.

Vil det skape presedens?

Bjarne Kvalsvik (Folkelista) var også usikker på sikkerheita om bord i båten. Samstundes frykta han at eit løyve til slik verksemd fort ville vekkje interesse mellom dei andre i miljøet.

– Dette er same type båt som dei som går rundt Runde. Båtar med inntil 12 passasjerar. Det kan jo fort bli slik at dei også vil ha skjenkeløyve. Men eg tenkjer også litt på dette som Per Kristian snakkar om. Alkohol er jo ikkje ein god ting om noko skulle skje. Men turar på fineversdagar til Flåvær er nok ikkje noko problem. Dette er også noko vi ser meir og meir av i verda, sa Kvalsvik.

– Ein vil gjerne ha seg eitt glas

Stig Arne Sævik (H) var derimot langt meir positiv. Han innleia med å fortelje at han har litt kjennskap til både båten og folka. Vidare meinte han at når folk vil satse på dette og gi eit slikt tilbod, samtidig som Herøy vil satse på turisme, ja då må ein også vere positiv til det.

– Når sommaren kjem tek han vekk alt fiskeutstyret. Då blir det ein heilt anna båt enn når han driv ordinær fiskerinæring. Om bord har dei grupper på kanskje 12 personar, som sit og kosar seg. Og vi veit vel alle at når ein reiser ut på ein slik tur så vil ein gjerne ha seg eitt glas, sa Sævik.

Han meinte elles at alternativet til å gi skjenkeløyve fort ville vere at gjestane tek med seg alkohol sjølve.

Vil sjå korleis det fungerer

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) meinte det kanskje var rett tidspunkt for å teste ut konseptet, og ville gå for tilrådinga om å gi løyve fram til 1. oktober 2020.

– Då får vi sjå korleis det fungerer, sa ordføraren.

Han fekk med seg sju av ni formannskapsmedlemmer. Furø og Ole Brubakk (KrF) røysta i mot.

– Alkohol er ei gift, kommenterte sistnemnde.