Det dreiar seg om jobbkafeen som NAV Herøy og Vanylven starta opp ved Herøy frivilligsentral i februar. Samarbeidsprosjektet har vore ein stor suksess.

– Jobbkafeen skaper ringverknader i forhold til tiltak og engasjement. Den er nytenkjande og ein flott møteplass, seier Britt Paulsen i ei pressemelding.

Paulsen er leiar for Frivilligsentralen som held til på Herøy kulturhus.

Felles for deltakarane i jobbkafeen er at dei har vore utan arbeid i lengre tid. På jobbkafeen har dei jobba med CV og aktivitetsplan. Dei har hatt foredrag med ulike arbeidsgivarar og elles har dei drive med ulike fritidsaktivitetar.

Ifylgje Renate Lillebø, som er ein av prosjektleiarane, har jobbkafeen ikkje berre vore ein stad å møtast, men ein stad å utvikle seg.

Takk til bedriftene

Stephan Borgund, som er ein annan prosjektleiar, vil rette ei stor takk til bedriftene i Herøy og omegn for måten dei har stilt opp på jobbkafeen og vist interesse for tiltaket.

– Bedriftene har ikkje nølt når vi har kontakta dei, men møtt opp på godvilje utan noko form for kompensasjon. Dette fortel oss at arbeidsgivarane er opptekne av samfunnet og menneska her.

Borgund seier det er mange som «sit fast». Ikkje veit dei kva dei vil, eller kva som finst av arbeidsplassar. Men dette bidreg arbeidsgivarane til å rett på gjennom informasjon, og då løyser det seg for mange.

Starta sjølv som deltakar

Borgund starta sjølv som deltakar, men fekk etter kort tid spørsmål frå jobbkonsulent Kåre Hansen (NAV) om han ville vere med som prosjektleiar.

– I starten nølte eg litt, men eg er glad eg takka ja. Det har gitt meg mykje og utvikla meg som person, seier Borgund.

Prosjektet har allereie fått god omtale i media og har dermed blitt lagt godt merke til.

Borgund seier jobbkafeen er eit tiltak som passar for dei aller fleste, og som gir mykje både for deltakarane og prosjektleiarane.

– Vi satsar på ny oppstart i slutten av august. Då håper vi folk vil vere med både som deltakarar og som arbeidsgivarar, oppmodar Borgund.

No gler han seg til å få vere med på neste fase av jobbkafeen ved Herøy frivilligsentral.