For tre veker sidan gjekk Kjell Runde (Folkelista) hardt ut mot rådmann Olaus-Jon Kopperstad og toppleiinga i Herøy kommune. Mellom anna hevda Runde at rådmannen var ein sentral person i fleire titals graverande forhold.

Runde påstod også at rådmannen og Herøy kommune var meld til politiet. Den gongen kontakta rådmannen politiet for å høyre om han var blitt meld. Det avkrefta politiet gjennom ein mail, som rådmannen også delte med Vestlandsnytt.

Men i eit lesarinnlegg 25. juni presiserte Kjell Runde at det var naturleg, då det ikkje er privatpersonen Olaus-Jon Kopperstad, men Herøy kommune og rådmannen som funksjon som var blitt meld.

Då formannskapet diskuterte dei alvorlege skuldingane førre veke, innrømma også rådmannen at meldinga var reell.

– Då eg såg at det blei hevda fleire gongar, tok eg kontakt med politiet på nytt. Då var det motteke ei melding, sa Kopperstad til formannskapet.

Vart meldt inn 21. juni

I eit brev sendt frå politiet til Herøy kommune, står det at gjerningsdatoen, eller datoen då meldinga blei registrert hos politiet var fredag 21. juni. Det er berre nokre dagar etter at Runde gjekk ut mot Kopperstad, og to dagar etter at rådmannen fekk opplyst at han ikkje var blitt meld.

I brevet blir forholdet som kommunen har vore meld for omtala som tenestefeil, av annan utøvar av offentleg myndigheit.

Men politiet finn altso ikkje at det er rimeleg grunn til å undersøke om det ligg føre straffbare forhold. Dei viser til første ledd i paragraf 224 i straffeprosesslova, som seier:

«Etterforsking foretas når det som følge av anmeldelse eller andre omstendigheter er rimelig grunn til å undersøke om det foreligger straffbart forhold som forfølges av det offentlige.»

Kan bli klaga på og tatt opp att

Avslutningsvis presiserer politiet at om det skulle kome nye opplysningar i saka, kan saka bli tatt opp att. Dei gjer også merksam på at avgjerda om å leggje vekk saka kan bli klaga på i løpet av dei tre etterfølgande vekene etter at brevet blei sendt ut.

Runde møtte ikkje i formannskapet

Som nemnt handsama også formannskapet påstandane då dei var samla førre veke. Lokalavisa fekk då berre vere til stades under innleiinga av saka, då fleire av dokumenta i saka er stempla som unntatt offentlegheit.

– Eg vil tru det er rett å stenge møtet når rådmannen har brukt så mykje tid på å dokumentere sakene. Om nokre trur Kjell Runde har brukt mykje tid på saka, så har eg sannsynlegvis brukt tre år på same saka, kommenterte ordførar Arnulf Goksøyr (H).

Rådmann Kopperstad informerte deretter om at alt som er dokumentert frå Kjell Runde si side er blitt følgt opp.

Før han stengde dørene valde ordføraren likevel å kommentere ei av sakene.

– Brevet som skal ha kome 20. juni. Eg måtte purre på det, og fekk det til slutt måndagen etter klokka ni. Men det er ein ubetydeleg situasjon. Spørsmålet er kva som er hensikta med dette? Det er ikkje mykje kollegialt det Kjell Runde driv med no, meinte Goksøyr.

Det er elles verdt å merke seg at Kjell Runde ikkje kunne møte, og at Folkelista sin vararepresentant Bjarne Kvalsvik møtte i staden.

Ikkje grunnlag for påstandane

I etterkant av formannskapsmøtet har det blitt sendt ut ein protokoll. Der står det at formannskapet kom fram til denne tilrådinga:

1. Formannskapet viser til varsel av 17.01.18, brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og svar frå rådmannen til fylkesmannen av 06.06.18 og kan ikkje sjå at det er grunnlag for påstanden om at varselet ikkje var arkivert og at det ikkje er gjort noko særleg med varselet. Formannskapet kan heller ikkje sjå at varselet skulle gå til rådmannen i Vanylven då det her ikkje er eit varsel som er retta mot rådmann eller kommunalsjef. Formannskapet etterlyser dokumentasjon på at tilsette som tek ekstravakter ikkje får den løna dei har krav på.

2. Formannskapet finn heller ikkje at det er grunnlag for å påstå at mor tok opp mobbesak med toppleiinga og vart truga med barnevernet. Formannskapet vil likevel her avvente rapport frå kommunen sin advokat som er engasjert i saka.

Formannskapet si tilråding vart vedteken mot ei røyst. Bjarne Kvalsvik (Folkelista) røysta mot.