Ola vart fødd og vaks opp i Goksøyra – og der vart han verande livet ut. Han fortalde om ein god og trygg barndom. – Foreldra mine gjorde alt for at vi seks syskena skulle ha det godt. Dei stod på både seint og tidleg.

På garden var det både sauer, kyr og hest. – Vi ungane var med på det meste. Vi hesja, mjølka kyrne, spadde torv og var med under lamminga. Til garden høyrde lakserett, og det var alltid spennande å få vere med å fiske laks. Far dreiv helst med småfiske, og eg var tidleg med han på sjø. Eg har ofte tenkt attende på desse åra og korleis vi hadde det. Vi levde i pakt med naturen, og denne levemåten har utan tvil vore med på å forme meg, fortalde han. Den kunnskapen han i barne- og ungdomsåra skaffa seg om naturen og fuglelivet, kom heilt sikkert godt med i arbeidet som turistførar.

Ola gjekk på skule i Goksøyra til han var ni år. Det var i 1934. Då vart alle elevane i Goksøyra flytta til skulen på Runde. No hadde arbeidet kome i gang med å leggje om og utbetre den gamle og rasfarlege bygdevegen, og så vart det bygt tunell. Nokre år før hadde ein mann, og seinare ei kvinne vorte tekne av steinras. Begge omkom.

Like før krigen observerte Ola for fyrste gong utlendingar på Runde. – Eit tysk kunstmålar-par kom til øya. Det vekte stor oppsikt her ute, for folk kunne ikkje skjøne kva utlendingar hadde å gjere på ein utpost som Runde. Fleire lurte på om dette kunne vere tyske spionar. Då krigen braut ut ikkje så lang tid etterpå, var mange sikre i si sak: Tyskarane hadde vore «Hitlers utsende».

Ola tok til som turistførar og omvisar i midten av 1950-åra. Han var, med andre ord, tidleg ute, for det var berre nokre få turistar som kom til Runde på den tida. Det var det eineståande fuglelivet og den vakre og særeigne naturen som lokka folk til øya.

I byrjinga rodde Ola turistane i færing rundt øya. Seinare byrja han å frakte dei i snekka si. Etter kvart vart han turistførar både til sjøs og til fjells. Ola var ein glimrande forteljar og hadde ein veremåte som gjorde at han vart sett stor pris på av turistane.

Då han starta, var han nærast blank når det galdt å snakke og forstå framande språk. Han kjøpte seg derfor språkkurs-materiell for å lære seg tysk og engelsk. Kveldane i vinterhalvåret vart ofte nytta til å lære desse språka. Det var å leggje grammofonplata på platespelaren, finne fram kursboka – og øve på nytt og på nytt. Til slutt meistra han både tysk og engelsk, og det var sjølvsagt heilt nødvendig for å kunne gjere ein god jobb.

Ein gong, i 1960-åra, var Ola i Tyskland og studerte tysk, kåserte og synte lysbilete frå Runde. – Eg vart invitert av professor Fritz Steiniger som var direktør ved Landesmuseum i Hannover. Der fekk eg studere tysk og ornitologi. Det eg då lærte, fekk eg stor nytte av i arbeidet mitt som turistførar, fortalde Ola. Vi kan legge til at professor Steiniger skreiv ei informativ bok om Runde med tittelen: «Reise nach Runde». Boka som kom ut i 1972, har eit flott bilete av Ola på framsida av bokomslaget.

I 1960 kom turistskipet «Meteor» til Runde med skotske turistar om bord. Dette var fyrste gongen eit turistskip vitja øya. Tidleg ein mai-morgon kom det staselege skipet inn med los Ingvald Monsen frå Kvalsvika om bord. Turen gjekk fyrst til Rundabranden, og det var stor jubel då turistane fekk sjå alt livet i fuglefjellet.

Ola meinte at besøket av «Meteor» innleidde turistepoken for Runde. – Det var då Runde for alvor vart «oppdaga», fortalde han – og la til at det var fyrst og fremst takka vere Ingvald Rundø at øya etter kvart fekk ei så viktig rolle i turistsamanheng. – Ingvald Runde var ein føregangsmann og la i mange år ned eit stort arbeid.

Etter 1992-sesongen slutta Ola som turistførar. Den fyrste tida etter at han hadde slutta, sakna han arbeidet. Men han syntest likevel det var godt å vere fri og kunne bruke tida til det han ville. I turistsesongen var det ikkje uvanleg med tre båtturar dagleg rundt øya, i fire månader. I tillegg var han turistførar til fjells. Alt dette kravde sin mann. – No bruker eg mykje av tida til mellom anna å pusse båt, eg fotograferer mykje og har ein stjernekikkert som er i flittig bruk, fortalde han. I mange år hadde han vore ein svært aktiv landevegsløpar. Det heldt han fram med etter at han vart pensjonist. Ola var med i mange løp og fekk både medaljar og pokalar.