Pensjonistforeininga Tine-Tunga kom for å oppleve Herøy:

Dette bør reiselivsnæringa i Herøy satse på, ifølgje dei

Det ser etter kvart ut til å vere brei semje, blant både næringslivsaktørar og folket, om at ein i tida framover skal satse på reiseliv i Herøy kommune. Spørsmålet i neste rekkje er naturlegvis, kva skal vi satse på og tilby dei tilreisande?
Nyhende

Dette var hovudspørsmålet vi retta til pensjonistforeininga Tine-Tunga, som i førre veke og denne helga vitja kommunen. Gjennom reisebyrået Per Gynt Tours kom dei med turistbuss frå Trondheim for eit firedagarsopphald. På programmet deira kunne ein finne både byvandring, Runde-besøk, lokalmat, kystmuseum og Herøyspel. Vi møtte dei fredag etter å ha vore på ein rundtur i heile kommunen, guida av Guri Aasen i forteljarverksemda Vestafor måne. Då sat dei 26 turistane ved solveggen på Thon Hotel Fosnavåg, å leska seg med ei utepils som avslutning på ein elles innhaldsrik dag.