Oppmodinga om fartskontrollar kjem etter fleire tilbakemeldingar om at fartsgrensa ikkje blir overhalden på denne vegen. Området er merka med 30-sone, men denne grensa er det berre ei handfull av folket i området som bryr seg om, slår Per Morten Bjørlykke fast.

Kommunale fartssyndarar

Bjørlykke er ein av dei som har klaga på fartssyndarane. No hevdar han at dei verste fartssyndarane er kommunen sine eigne tilsette.

Desse bilane (små varebilar med kommunen sin logo) burde vore utstyrt med blålys, og dei aller fleste sjåførane ville blitt fotgjengarar om her kom ein kontroll, hevdar Bjørlykke.

Eg forstår godt at dei aller fleste av ungane blir køyrde dit dei skal, for på denne vegen er det livsfarleg å ferdast for både små og store, held Bjørlykke fram.

Driftsingeniør Torger Kvalsund finn det svært uheldig at kommunalt tilsette i teneste ikkje overheld fartsgrensa. Dette vil bli teke opp med dei det gjeld. Vidare skriv Kvalsund at kommunen vil oppmode politiet til å halde fleire fartskontrollar i området.

Tiltak på Flusundvegen blei ikkje prioritert ved siste rullering av kommunen sin trafikktryggingsplan.