– Eg blei så glad og imponert over gjengen på Sandsøya og Voksa som vågar å satse som dei gjer. Vi treng denne typen positivitet og framtidstru på øyane her ute, det er heilt vitalt om vi skal klare å snu trenden på heimstadane våre, seier ei smilande glad Kari Ristesund.

Vi møter ho på Drageskaret, med god utsikt ut mot dei to øyene og Kvamsøya. Det er sistnemnde øy Ristesund ynskjer å snakke med oss om i dag. For førre vekes gladsak om at ei ressursgruppe under prosjektnamnet «Sandsøy og Voksa i utvikling» (SVIUT) no går i gang med eit prosjekt for å skape tilflytting og liv på Sandsøy og Voksa, og ikkje minst nyhende om at Sølvtrans-reiar Roger Halsebakk som tek over Rosenlund, har imponert Kvamsøy-politikaren. No meiner ho kvamsøyingane også må kjenne si besøkstid.

– Når ein ser korleis dei no satsar på naboøyene, meiner eg det er på sin plass at vi hoppar etter. Klarer dei det, skal vi klare det også. Gjer vi det saman med dei, kan vi også samarbeide og hjelpe kvarandre på vegen, seier Ristesund engasjert til Vestlandsnytt.

– Korleis då?

– For eksempel marknadsføring og kva vi har å tilby. Vi kan samarbeide med å løfte kvarandre fram og ikkje konkurrere. Det meiner eg gagnar alle tre øysamfunna.

Ser mange moglegheiter

På same måte som dei på Sandsøya og Voksa ser moglegheiter, meiner Ristesund moglegheitene er akkurat like store på Kvamsøya.

– Sjå berre kva idrettslaget nyleg gjorde med å stelle i stand ein klatrevegg, og sjå på sommarhelga som vert arrangert her. Eg er ikkje i tvil om at vi har akkurat same grunnlaget for å satse her på øya, utdjupar Ristesund.

– Og ikkje er eg i tvil på at her er handlekraft og engasjement heller, legg ho til.

Fellesmøte

Ristesund seier vidare at ho sjølv er villig til å gå i bresjen for ei slik satsing, men håpar at fleire kan vere med. Derfor er ho interessert i å høyre frå andre øybuarar som kan tenke seg å vere med på eit slik løft, gjerne med utspring frå eit liknande folkemøte som blei arrangert på Sandsøya.

– Noko ressursgruppa (SVIUT) gjorde heilt rett var å hente inn nokon utanfrå. Vi treng folk med eit friskt blikk til å sjå kva vi må satse på, i samarbeid med oss som bur her, seier Ristesund.

Akkurat kva tid eit slikt møte kan arrangerast på Kvamsøya, er ho ikkje sikker på. Men kvamøyingen meiner at det kunne vere høveleg med eit møte til hausten ein gong.