Som Vestlandsnytt omtala tidlegare i vår, har Herøy kommune og Herøy næringsforum fått utarbeida ein reiselivsplan for Herøy, kalla «Runde- det reine eventyret». Førre veke vart den nye reiselivsrapporten utgangspunktet for ein engasjert debatt i formannskapet.

Svein Gjelseth (Ap) meinte det var rart at ein så viktig rapport ikkje hadde blitt lagt fram for formannskapet, men heller blitt gjort kjend gjennom eit ope møte i regi av Herøy Høgre.

Til det kommenterte ordførar Arnulf Goksøyr at rapporten først var på bordet til komite for næring, kultur og idrett.

Ordføraren hadde også sine tankar om reiselivsutviklinga.

– Vi er avhengige av at reiselivsnæringa samhandlar i mykje større grad enn dei gjer i dag. Er det overdekking på ein stad, må det vere mogleg å sende vidare. Ein må kunne skape pakkeløysingane. Det er viktig at næringa forstår at dette er viktig. Ein må snakke opp reiselivsnæringa i fellesskap, sa Goksøyr, og la til at han meiner reiselivsnæringa burde gjere som Shippingklubben og arrangere måndagsklubbar.

– Organisering er heilt sentralt

Rådmann Kopperstad meinte det var viktig å presisere at det ikkje er kommunen som skal drive fram reiselivet, og at det er avgjerande at reiselivsrapporten har forankring i reiselivsnæringa.

– Hovudutfordringa for næringsforumet har vore å få på plass organisering, noko rapporten peikar på som heilt sentralt. Men næringsforumet jobbar med dette, sa han.

Vil spele på DÅS

Svein Gjelseth meinte ein burde gjere som Ørsta kommune, og gå for eit samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS).

– Kvifor har vi ikkje køyrt ei runde med DÅS, om vi har fått på plass ein slik plan? Eg meiner det er rart at vi ikkje samarbeider meir den vegen når vi har denne planen. I alle fall når det no er snakk om å lage ein ny rapport med dei andre kommunane. Eg vil at vi skal gå for Ørsta-modellen, der reiselivsorganisasjonen finansierer ei halv stilling, og DÅS den andre halvdelen, sa Gjelseth.