Det påpeikar rådmann Trond Arne Aglen i eit innspel om ambulansebåttenesta. Aglen skriv at ambulansebåten varetek fleire viktige samfunnsfunksjonar i kommunen. I tillegg til skyss av legevaktlege, brannpersonell og veterinær, vil kommunen ha behov for skyss av ein grunnskuleelev frå Haugsholmen til Kvamsøy.

Utanom desse tenestebehova er dagens pendlarbåttilbod svært viktig både for næringslivet og dagleg- og samfunnslivet elles. For Sande er det viktig at dette tilbodet vert vidareført. Sande kommune meiner elles at ordninga med ungdomskort opplagt bør gjelde for alle kollektivtilbod i fylket, medrekna pendlarbåten i Sande.