Skepsisen er stor til vindkraftutbygging i dei 98 kommunane som ligg i områda som blir rekna for å vere godt eigna til nettopp utbygging av vindkraft, ifølgje ei kartlegging Klassekampen har gjort.

I april la Olje- og energidepartementet fram forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land ut på høyring. Hittil har 17 av kommunane svart. Alle ber om at område i kommunen deira blir halden utanfor planane.

På spørsmål frå avisa til dei resterande kommunane seier 44 av ordførarane nei til utbygging, tre seier ja og seks ordførarar har ikkje bestemt seg. Det manglar opplysningar om haldninga til 12 ordførarar.

Leiar i Landssammenslutningen av Norske Vinkraftkommuner, Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H), meiner årsaka til dei negative haldningane er at ingen politikarar tør å seie noko anna enn nei rett før kommunevalet.

– Dei har vorte ei massiv folkerørsle av turlag og miljøorganisasjonar mot vindkraft. Informasjonen er òg veldig ubalansert, seier ho.