Remøy og andre aksjonærar tek over Olympic Promoter

Stig Remøy tek over det 14-år gamle PSV-fartøyet Olympic Promoter frå banken saman med ei gruppe av andre aksjonærar.

Stig Remøy   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det var Hegnar.no som fyrst omtala saka. Finansdirektør John Arne Winsnes i Olympic Subsea har følgjande kommentar til avisa.

- Den er i praksis blitt kjøpt av enkelte aksjonærar frå banken og det er berre ein management-avtale med Olympic Shipping. Stig Remøy er største eigar i skipet.

Ytterlegare detaljar ønskjer han ikkje å gå ut med, og viser til avtalen med banken.

Etter ei opplagsperiode på 849 dagar ligg «Olympic Promoter» nyklassa i Aberdeen, klar for oppdrag i spotmarknaden, ifølgje Westshore Shipbrokers.