– For det fyrste kjem både eg og Gjermund Bringsvor frå plassen, og når ein også driv næringsutvikling på øya er det viktig for framtidig drift at vi får tilflytting. Her må det gjerast ei betydeleg satsing om vi skal klare dette, og det er målet vårt med dette prosjektet. Om folk ynskjer å flytte hit må vi ha noko å tilby dei.

Det seier Ole Sande, konserneigar i GO Group og dagleg leiar for Sandefisk, om Byggenheim si heit nye bustadsatsing. Den Fosnavåg-baserte bedrifta har no prosjektert ein splitter ny firemannsbustad på Sandshamn, og lanserer no planane for offentlegheita. Lanseringa kjem, høveleg nok, rett etter at det i førre veke vart kjent at ei ressursgruppe for Sandsøy og Voksa, «Sandsøy og Voksa i utvikling», planlegg ei omfattande satsing for øysamfunnet i tida framover. Bustadmangelen er ei vesentleg problemstilling som har blitt poengtert og trekt fram, men her har altså Byggenheim konkrete tiltak i emning allereie.

Nokon har tinga allereie

Bustaden som er prosjektert, omfattar i alt 354 m² oppbygd areal. Dette inkluderer i alt fire bueiningar på 86,9 kvadratmeter kvar, fire garasjar på 16 kvadratmeter og fire reiskapshus, kvar på seks kvadratmeter.

– Vi har faktisk allereie ein interessent som har tinga til seg ei av bueiningane i komplekset, allereie før planane har vore offentleggjort, opplyser Sande til Vestlandsnytt. Han håper at fleire potensielle kjøparar også melder seg tidleg i fasen.

– Dess tidlegare folk kjem på bana, dess meir innverknad kan dei sjølve ha på utforminga og korleis bustadane skal verte. Dei kan til dømes bestemme kor mange soverom der skal vere i leilegheitene. Dessutan vil vi selje nokre bueiningar før startskotet går for fullt, så her må folk ta kontakt, oppmodar han.

Prosjektet, som elles er designa av Urbanhus, er no så langt kome at dei er klare for å ta imot handvendingar.

Håper å kome i gong raskt

Spørsmålet i neste rekkje er naturlegvis kva tid bustadane kan kome på plass. Her er Sande klar på at det for dei vil vere aktuelt så fort som råd.

– Om interessa er der, og dei kommunale prosessane ikkje går alt for lenge, vil vi i beste fall kunne starte allereie til hausten. Det skal ikkje stå på oss, for om interessa er der er vi klare for å satse.

Sande legg også til følgjande.

– Om prosjektet slår veldig godt an skal ein heller ikkje sjå vekk ifrå at vi vil satse endå sterkare i området og føre opp fleire bueiningar.

Same konsern som Sandefisk

At det er akkurat Byggenheim som no ynskjer å satse på øysamfunnet der ute, kjem truleg ikkje som noko stor overrasking. Selskapet er nemleg del i GO Group, holdingselskapet til Gjermund Bringsvor og Ole Sande.

I same konsernet har ein også Sandefisk, ei hjørnesteinsbedrift som treng arbeidskraft om den skal overleve på Sandsøya. GO Group har hovudkontor i Fosnavåg og engasjerer om lag 70 tilsette innanfor fleire bransjar, i tillegg til eit dotterselskap i Spania. Selskapet vart etablert i 2014. I tillegg til Sandefisk finn vi også bedriftene Finefish, EBIT Regnskap, Herøy Malarservice, Byggenheim, Go & Po Fiskeri, Finefish ES, Havsrå og Sandefisk Marine under same paraply. Selskapet har sterk vekst som mål i alle forretningsområde.