Formannskapet seier nei: Sofram vil halde ope om natta

Sofram Takeaway & Catering AS vil utvide helgeopningstidene til 05:00 i Fosnavåg, og halde ope døgnet rundt i helgane ved serveringsstaden i Myrvåg. Rådmannen og formannskapet seier nei.

SOFRAM-RESTAURANTEN I FOSNAVÅG: Kadir Dikbas ynskjer å hal­de ope til 05.00 her natt til laur­dag og søn­dag.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Sofram Takeaway & Catering AS, ved Kadir Dikbas, har søkt Herøy kommune om å få utvide opningstidene ved restauranten i Vågsgata i Fosnavåg, og ved serveringsstaden i Myrvåg. I søknaden skriv Dikbas at det på grunn av førespurnadar frå kundar og auka kundekrets er ynskjeleg at restauranten i Fosnavåg kan ha ope fram til 05:00 natt til laurdag og natt til søndag. Ved serveringsstaden i Myrvåg ynskjer Dikbas å operere etter 7/24-konseptet (døgnope) i helgane.