For om lag to år sidan vende FAU seg til kommunen med ønskje om tiltak for sikring mot elva som går bak fotballbana ved Leikanger skule. Elva kan til tider ha høg og kraftig vassføring.

I dette området ferdast det mykje barn på dag og kveldstid, og kommunen har sjølv etablert eit leikeområde nær elva.

Etter å ha sendt ei påminning til kommunen før jul i fjor, tek FAU-leiar Elisabeth Pettersen Jøsok no spørsmålet opp for tredje gong.

Vi ønskjer at kommunen skal sette opp eit gjerde for å sikre at ikkje noko skal falle i elva. Vi vil at barna skal ha eit trygt og godt miljø å ferdast i, og at dei vaksne skal kunne vere trygge på at her er det trygt for alle å ferdast, skriv FAU-leiaren.