Slik konkluderer avdelingsleiar Ole Magne Rotevatn etter samtalar han har hatt med Statens vegvesen om forenkla løysing med tursti på den smale og trafikkfarlege vegstrekninga på Leinøya.

Skilnad på prosjekta

Her kjem det fram at medan enklare løysingar som tursti kan behandlast som dispensasjonssaker, bør varige løysingar som fortau fortrinnsvis avklarast gjennom reguleringssaker. Dermed konkluderer Rotevatn med at det er skilnad på Leine-Voldsund og dei to turstiprosjekta i Sandvika og på Leikongeidet.

Med desse to turstiprosjekta kan turstien leggast parallelt med fylkesvegen, utan å gå vesentleg inn i terrenget og utan omlegging av fylkesvegen. Her er få konfliktar med eksisterande busetnad og bygningar treng ikkje rivast. Grunnerverv er heller ikkje nødvendig.

På Leine-Voldsund må i alle fall eitt bygg rivast for å realisere eit fortau, og på fleire strekningar er det så smalt at det vil vere behov for å legge om fylkesvegen.