Det kom fram då Svein Gjelseth (Ap) tysdag stilte spørsmål ved framdrifta når det gjeld kommunestyret sitt ønskje om å legge til rette for at lokalt næringsliv får vere med i dei kommunale innkjøpskonkurransane. Vedtaket i kommunestyret vart fatta i mars, og Gjelseth meinte det no var på tide å få høyre om framdrifta.

– Allereie frå 11. april har det vore jobba med å få Øvre Eiker hit. No er det klart at det kjem ei dame frå Øvre Eiker hit i august. Då vil vi sjå om vi kan kopiere noko derifrå, svara ordførar Arnulf Goksøyr (H).

Gjelseth har tidlegare fremja Øvre Eiker kommune som eit forbilde, og han var no godt nøgd.

– Dette er bra jobba av rådmannen, sa Gjelseth, og smilte.