Det er berre for turistane å seie kva dei vil ha, so vi fiksar det. Vi kan gjere alt vi, ikkje sant Ole- Gunnar!

Vidar Hareide ser bekreftande på makkeren som smiler attende. Vi sit rundt bordet om bord i den 40 fot lange speedsjarken Siwa, som ligg til kai ved hamna på Kvalsund. Hareide er levande engasjert i det han legg ut om deira nye satsing; Fjordturar.

– Eg og Ole-Gunnar blei kjent gjennom fiske nordanfor på Røst, der Ole-Gunnar var med meg om bord og hjelpte meg å ta kvoten min på torsk. Dette samarbeidet tek vi no med oss inn i ei ny bransje, smiler Hareide.

Båttilbod

Den nye verksemda er basert rundt element dei begge originalt har som levebrød, havet og sjarklivet, sjølv om det skal seiast, sjarken til Hareide er vesentleg mykje større enn dei fleste sjarkar.

– Ja, denne var spesialbygd i 2006 med intensjon om å vere ein kombinasjon mellom turismebåt og fiskeri. Fjordturar er såleis ikkje eit flunkande nytt prosjekt heller, det er meir ei realisering av ein visjon eg og kona mi sette i verk heilt tilbake til då eg budde i Eidsdal.

Men heilt den store satsinga blei det aldri den gongen, då fiskeri opptok det meste av tida til Hareide. Men no er Vidar pensjonert, og har med det fått litt meir tid. Det at han attpåtil har treft Ole-Gunnar og fått med seg han på laget, omtalar han som eit lukketreff.

– Han er rivande dyktig med datamaskina, og der er ikkje eg god. Eg stiller med båt og sertifisering, og Ole-Gunnar ordnar det slik at vi får kundar. Her må vi også få skryte litt av Elias Reite. Han har mellom anna gjort ein fenomenal jobb med å ordne oss dronefilm til marknadsføring.

– Eg er meir han som seier korleis eg vil ha det, so fiksar dei det. Men dei må av og til halde meg litt i skinnet, flirer Hareide med sin karakteristiske latter.

Fiskeri, tur og «you name it»

På deira heilt nye nettside er det no mogleg å sjå litt av kva de to karane ynskjer å tilby av aktivitetar. Her finn ein mellom anna holetur på Runde, fisketur, havørnsafari, krepsefangst, der folk sjølv får ete maten dei fiskar og fleire ulike sightseeingturar i båt.

– Har de nokre triks de skal ta i bruk for å tiltrekke turistane?

– Triks? Her er ingen triks. Vi skal levere flotte turar og det folk vil ha, på deira premiss. Dei berre seier kva dei vil ha, vi leverer. Dette er ikkje noko New York, vårt konsept er mykje meir fascinerande enn som so, seier Hareide.

Båten kjem følgjande ikkje til å ha ein fast tilhaldsstad, forklarar dei. Den skal kunne hente og bringe folk alt etter kva dei ynskjer.

På dekk har dei elles rigga seg opp eit bord, der planen er å drive drikke- og matservering. Ei stor kalesje har dei også, som kan opnast og lukkast alt etter vêr og vind.

– Så må du få med at den er universelt forma ut. Eg laga til døra slik at ein skal få om bord rullestolar også, føyer Vidar til.

Fint med noko anna

For Sævik blir denne verksemda fyrst og fremst eit avbrekk frå fiskarlivet, sjølv om han er klar på at det framleis kjem til å vere hovudinntektskjelda hans.

– Det skal bli kjekt å ha noko og gjere på anna enn å fiske heile året. Eg trur dette kan bli kjekt, seier Sævik. Han er begeistra over, og har tru på prosjektet.

– Vi har allereie landa eit samarbeid med Venture Norway, eit samarbeid av internasjonal karakter. Dei lagar ein slags katalog der mellom anna vi skal vere representert, held han fram.

Håpar å kunne tene litt på det

Det har naturlegvis vore gjort ein del investeringar i forbindelse med prosjektet. Alt ifrå sertifiseringar, marknadsføring, og eigne uniformer med logo har blitt kjøpt inn. Kva alt har kosta er derimot ei godt bevart hemmelegheit, og den er det berre Vidar som kjenner til. Heller ikkje Sævik har fått vite kva som står på alle rekningane.

– Vi håpar naturlegvis det kan bli litt pengar ut av det etter kvart, men vi reknar med det kan gå litt trått den fyrste tida. Når det er sagt, vi er naturlegvis optimistar.

Vil ha samarbeid

For både Sævik og Hareide er det viktig å presisere at dei ynskjer mest mogleg samarbeid mellom reiselivsaktørar her ute, og at dei såleis ikkje er ute etter å trakke på nokon sine føter med denne nye satsinga.

– Nei, vi vil vere ein samarbeidspartnar og ikkje nødvendigvis berre ein konkurrent. Vi trur det er rom for oss alle og endå meir synergiar blant aktørane her ute, forklarar dei

Har fått skjenkeløyve

Dei siste vekene har vore hektisk for dei to fiskarane. Etter dei verkeleg bestemte seg for å satse, har det gått slag i slag.

– No er alt av sertifisering på plass. Formannskapet har også innvilga skjenkeløyve, noko vi er svært glade for, avsluttar dei to.

Det einaste som står att å få på plass er kundane, elles er dei to klare for å ta fatt på fjordturane.