Dette går fram i ei pressemelding fredag morgon. Avtalen går ut på levering av ein komplett pakke for fiskerihandtering og vannbehandling til eit 4000 m3 nybygg for Sølvtrans. Heile leveransa er sydd saman i eit integrert automasjonssystem, også frå MMC First Prosess. I følgje dei gir kontraheringa av Sølvtrans store ringverknader i lokalmiljøet rundt den maritime klynga på Sunnmøre.

- Det er viktig å behalde kundar og vidareføre erfaringar og det gode samarbeidet vi hadde sist med Sølvtrans og MMCFP, seier Inge Jonny Hide, verftsleiar på Myklebust Verft.

- Det er ein stab med dyktige og motiverte medarbeidarar i MMCFP som ser fram til å fortsette det gode samarbeidet med Myklebust Verft og Sølvtrans, seier Frank Edvard Vike og Arnfinn Hide frå MMCFP.