9. september er det kommune- og fylkestingsval. Altså om to månader. Framleis er ikkje valkampen lokalt komen skikkeleg i gang. Ferietida vi no er inne i, er heller ikkje mest aktive.

Likevel vil vi kome med ei oppmoding til dei som ynskjer å fronte sitt parti eller si gruppe – og sikre posisjon etter at veljarane har lagt stemmene sine i urna: Ver synleg i kanalen der folk flest skaffar seg informasjon om – og innsikt i – lokalpolitikken. Nemleg i lokalavisa.

Vi kan ikkje love store overskrifter og fyldig redaksjonell dekking av valkamputspel. Men det vi kan love, er at val-innlegg med lokalt tilsnitt vert tekne inn i Vestlandsnytt.

Folk er nemleg opptekne av kva partia og kandidatane vil jobbe for den komande fireårsperioden. Korleis tenkjer de næringspolitikken? Kva med eigedomsskatt? Bør det kome endringar i skulestrukturen? Får kultur for lite pengar? Kva med dei ressurssvake? Kva med samferdsel?

Det er massevis å ta tak i også utanom dette. Velkomne med konstruktive og saklege innlegg i lokalavisa.