Herøy kommune har teke imot fire søknader om prekvalifisering til tilbodskonkurranse om oppføring av tilbygg til Herøy rådhus. Alle fire er kvalifiserte.

Dei fire kvalifiserte er Prosjektbygg, Veidekke, K. Nordang og HS Bygg. Desse har no fått oversendt konkurransegrunnlaget for prosjektet som plan- og byggenemnda gjorde vedtak om på siste møtet.

Invitert av Politiet

Tilbygget til skal etter planen oppførast på parkeringsplassen bak rådhuset og mellom anna innehalde ny politistasjon i Fosnavåg. Bakgrunn for prosjektet er ein invitasjon til kommunen frå Politiets fellesteneste om å kome med eit tilbod om nye lokale til Herøy og Sande lensmannskontor.

Politiet skal velje tilbydar i veke 40.