Christineborg Gjesthus AS har søkt om skjenkeløyve for varegruppe 1, 2 og 3 innanfor kommunens maksimaltider. Styrar for skjenkeløyvet er Arnulf Goksøyr, med Aud Voldsund Goksøyr som stadfortredar.

I søknaden vert det opplyst at konseptet er restaurant, pub og overnattingsverksemd.

Politiet har ingen merknader til søknaden, og rådmannen er positiv. Då formannskapet handsama saka tysdag, gjekk også dei inn for å gi løyve. Berre Ole Brubakk (KrF) røysta i mot. Dette av alkoholpolitiske årsaker. Løyveperioden er frå vedtaksdato, og fram til 01. oktober 2020.

Svein Gjelseth (Ap) uttalte seg positiv, men var nysgjerrig på om søkaren no ville ta opp att den tidlegare drifta.

– Tidlegare blei det drive leirskule også, då var det visse avgrensingar. No skal det ikkje lenger vere leirskule, opplyste sakshandsamar Wenche Moltu.

Goksøyr sjølv, og Bjarne Kvalsvik (Folkelista) var ikkje habile under handsaminga. Sistnemnde driv ei liknande verksemd i Kvalsvika.