Varslar permitteringar ved Kleven Verft

Leiinga ved Kleven Verft jobbar med ny selskapsstruktur for vidare drift, og dei tilsette har fått beskjed om å førebu seg på fleire reduksjonar i staben.
Nyhende

Dette skriv både Sunnmørsposten, Vikebladet og NETT NO, som torsdag var tilstade på eit allmøte på verftet. Under møtet gav administrerande direktør Olav Nakken ros til tilsette som har bidratt med å få hurtigruteskipet «Roald Amundsen» ferdig, og det er klart at MS Fridtjof Nansen skal byggjast ferdig på Kleven.

Varslar permitteringar

Det kom ingen avklaring om sal av Kleven Verft under seansen, men dei tilsette fekk vite at dei må førebu seg på nokre fleire reduksjonar i staben. Verftet er no nede i 240 faste tilsette.

– Det er også snakk om permitteringar og kanskje nokre oppseiingar framover, fortel Nakken, til NETT NO.

I fyrste omgang skal dette dreie seg om tilsette i andre delar enn produksjonen.