– Men det er så gøy, seier Benjamin Sandvik Igesund (14). Han er med for sjette gong på spelet og er klar igjen.

– Det er spennande å vere med, og det er kjekt å få leike gamle dagar for ei veke.

Han er med saman med brørne sine Kristian (10), Aleksander (13) og mamma Beate, som syng i koret. No er dei og resten av dei snart 200 aktørane i gang med innspurten på øvingane som endar med premieren på laurdag.

Styreleiar Linn Therese Sævik gler seg over at dei er godt i gang med øvingane.

– Vi har tenkt og planlagt sidan i fjor, men no er vi omsider i gang og det er så stas å få treffe igjen alle kjekke folka, både gamle kjende og nye som er med. Og så er det noko heilt spesielt med å få lov til å vere i lag om å skape det vi håper og trur skal bli ei fantastisk førestilling.

Eit spennande år

Sævik seier det er ekstra spennande i år med nye skodespelarar over heile rekka og ny regissør som verkeleg har lagt brikkene på nytt.

– Og så gir vêrmeldingane oss litt ekstra spenning, men det var visst nymåne på tysdag og om nokon kan fortelje oss kva det betyr for vêret, framover, så vil vi gjerne høyre det!

Regissør Jeff Pedersen har gått ut frå det opphavlege manuset som vart brukt til første førestillinga i 1992. Derifrå har han bygd ei førestilling som han lovar at publikum vil oppleve som heilt ny.

– Vi har gjort store endringar for å skape meir driv i spelet. Vi har skifta rekkefølge på nokre scener, teke vekk noko tekst, og tilført spelet meir drama, meir action og meir spenning.

Vikingleik og vikingleir

Noko av endringane er at Kongens Ring har fått ei heilt ny barnescene. I tillegg møter vi to forteljarar. Kornelia Melsæter får følgje av Olgunn Torvanger, som er mora hennar i spelet. Dei skal streke under generasjonskonflikta som er i forteljinga.

Olgunn Torvanger har vore med på spelet sidan oppstarten i 1992, og seier det er kjekt både å vere med og få nye utfordringar.

– Det er stas å vere med og få lære så mykje av dei profesjonelle som er her, og så er det godt med ei sånn teaterveke som porten til ferien. Eg kjenner meg berre så heldig som får vere med på spelet!

Og Olgunn får også fine bestemor-dagar saman med barnebarnet som er med på scena.

Søskenflokkar, familiar og fleire generasjonar av skodespelarar finn ein fleire eksempel på i spelapparatet.

I Herøyspel-helga kan publikum få oppleve fire førestillingar av Kongens Ring, med kjærleik, drap og drama, generasjonskonflikt og vikingliv. I tillegg kjem musikken frå stort kor og orkester med sytten musikarar. Utanom spelet er det vikingleir og vikingleik på tunet på Herøy gard. Der blir det også selt mat og drikke. Søndag er det morgonsong og roing til den gamle kyrkjetomta der det er gudsteneste. På ettermiddag inviterer ein også til kulturhistorisk vandring i den tusen år lange historia til øya Herøy.