– Eg fall pladask for denne plassen straks eg kom hit, sjølv om eg vart møtt med vedvarande regn. Grunnlaget for vekst her ute er mykje større enn for mange andre bygder eg har jobba med.

Det seier Liz Rekve, som med nye auge er i full gang med å sjå moglegheitene som ligg i samfunnet på Sandsøya og Voksa.

Trådtrekkjar

Det var bygdehjelpar og utflytta sandssokning Karin Flatøy Svarstad som fekk tak i kapasiteten Liz Rekve. Litt frå utsida har Karin i fleire år sett at utviklinga i øysamfunnet ho kjem ifrå, ikkje har gått heilt rette vegen.

Vi fekk ein prat med Svarstad og Rekve i forkant av folkemøtet som vart arrangert på Sandsøya tysdag kveld. Til stades var også fleire frå ressursgruppa som er oppretta.

Bustad, næring, tilflytting

– Vi har sett ned ei hovudgruppe. Så skal nokre undergrupper jobbe med kultur, reiseliv, næring, bustader og andre felt. Sentralt for Sandsøya og Voksa er utfordringane med mangel på bustadar. Her er vi allereie i gang med ei av fleire kartleggingar, forklarar gjengen rundt bordet.

«Sandsøy og Voksa i utvikling» (SVIUT) er namnet på gruppa som på mange vis hadde sitt offisielle kickoff tysdag.

Med på laget skal både Fylkeskommunen, HoppID, Innovasjon Norge, kommunen og andre moglege medspelarar vere. Viktigast av alle er likevel bygdefolket sjølve. Rekve og ressursgruppa er tydelege på mykje, men særskilt på éin ting:

– Dette er eit lagspel, eit spleiselag. For å lukkast må alle bidra, i ei eller anna form, slik at prosjektet skal ha livets rett.

«Ny-start-område»

Det treårige prosjektet, som mellom anna vil ha krinsen definert som «ny-start-område», til dømes for byfolk som ynskjer seg ut i havgapet, vert delt inn i fleire fasar.

Prosjektet har umiddelbare, definerte målsettingar for krinsen: Bustads- og besøksattraktivitet, næringsetablering og stadsutvikling.

– Og – ver positive! I dag skal vi ikkje snakke om det som eventuelt kan vere negativt. Det avlar berre meir negativitet, sa Liz Rekve til eit fullsett Dollstun nokre timar seinare.

Ho rita opp ei rekkje område der øysamfunnet kan bli betre. Til dømes noko så enkelt, men viktig som å ha eit kontorfellesskap. Eller, for å vere meir konkret; at krinsen får tre nytilflytta familiar i løpet av året. Helst barnefamiliar, slik at grunnlaget for skulen blir styrka.

– Det trur eg vi skal klare, sa Rekve.

Halvtomt eller halvfullt?

– Det går litt på haldningar, også. Som med glaset som er halvtomt eller halvfullt, seier Gjermund Bringsvor frå ressursgruppa.

– Vi håpar å få snudd litt på stemninga, og dyrke positivisme framover, tilføyer Kjerstin Sande.

Mykje folk fann vegen til samlingshuset denne kvelden. Liz Rekve utfordra samtlege deltakarar til å skrive opp ei positiv sak kvar om bygda, på gule lappar som no skal bearbeidast og nyttast i det vidare arbeidet.

På plass var også representantar frå fleire politiske grupper, i tillegg til rådmann Trond Arne Aglen. Han lovprisa engasjementet og lova at kommunen ville stille opp og gjere sitt for at prosjektet skal lukkast.

Det same gjorde Inge-Johnny Hide, som meinte det er «perfekt tidspunkt» med ein offensiv. Hide orienterte litt om dei positive erfaringane ein gjorde seg i Haugsbygda gjennom liknande satsingar for nokre år tilbake.

Det var heilt klart positive tilbakemeldingar mellom dei vi snakka med etter møtet. Nokon meinte samferdsel bør få meir merksemd, men både det og andre utfordringar skal under lupa etter kvart som prosessen i SVIUT skrid fram.