– Sjå kor han juksar da, ser ikkje du det, Ablel Weldezghi flirer og ristar på hovudet. Der språket ikkje strekk til, viser han oss med bevegelsar korleis han meiner konkurrenten juksar. Men uansett, smilet er like breitt, i andletet til Weldezghi.

Vi er på grusbana på Kjeldsund. Langs heile sidelinja står flyktningar frå seks kommunar, over 100 i talet, og heiar. Kvar kommune prøvar å overgå kvarandre, som seg hør og bør, det er trass alt kommunekamp. På bana er utsendingar frå kvar kommune i tevling. Sekkeløp, egg-løp, og kappgang med partnar, konkurransegreiner ikkje heilt ulikt kva ein ville finne under ei 17. mai-feiring. Kor vidt reglane vert overhaldne ser ikkje ut til å bety så mykje, men flyktningane heier likevel av hjartans lyst. Gruppa frå Herøy får ein ide, nokre av dei pilar litt inn i skogkrattet og finn fram noko bjørnekam. Har man ikkje flagg må ein vel improvisere.

– Hugs no folkens, her er det ikkje viktigaste å vere best. Men vi må vinne, instruerer Kristoffer Nærø Ytterland med eit smil. Spøken fell i god jord hjå Herøy-gjengen.

– Veldig kjekt

Ytterland, som er miljøterapeut på kvalifiseringssenteret for innvandrarar i Herøy, vendar seg mot oss for å forklare kva det eigentleg er som går føre seg på Kjeldsund denne fredagen.

– Målet er at flyktningane som går i introduksjonsprogrammet på tvers av kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Sande og Hareid, skal treffast, vere sosiale og ha det kjekt i lag. Vi tenkte at Kjeldsund var ypparleg til dette formålet, og det skal det seiast å ha vore, smiler Ytterland.

Alle flyktningane som tek del i opplegget har til felles at dei har fått opphaldsløyve og går eit introduksjonsprogram. Programmet gir dei rett og plikt til å gjennomføre 37,5 timar i veka, og skal førebu dei på det norske arbeidslivet. Fagmessig er det norsk og samfunnsfag som står sentralt. Men det blir også rom for kulturutveksling i praksis sjølvsagt, og derfor er vi her.

Blikket til Ytterland følgjer Majd Hajali, ein flyktning frå Herøy-gruppa, som skal til å springe med egg på skei.

Det ser ut til at spøken om å vinne blir tatt på alvor for Majd, han skyt fart med ein gong og sparar ikkje på kreftene, ikkje på egga heller for så vidt …

I løpet av dagen har det vore mykje aktivitet elles rundt om kring på bruket, der dei besøkande har fått prøve alt ifrå volleyball og fotball, til stylter og fiske. Mat har det også vore nok av, med grilling og svelesteiking, der frivilligsentralen fortener skryt for innsatsen.

Majd Hajali er omsider komen i mål. Etter å ha kryssa mållinja får han applaus frå lagkameratane.

– Dette er veldig kjekt. Eg likar å konkurrere og vinne, gliser han då vi gratulerer han med flott innsats.

– Eg har fiska eg

Vi tek oss ei runde kring på bana for å høyre kva flyktningane sjølv tenkjer om opplegget som dei ulike introduksjonsprogramma i kommunane saman har stelt i stand.

– Eg er veldig fornøgd. Eg smakte ikkje så mykje på den norske maten, då kona mi hadde laga kurdisk mat til oss, og den er alltid god, smiler Faarhad.

Han står saman med kona Sheida. Dei to bur no på Hareid. Han blir straks engasjert då han ser avisa. Han finn fram ei fiskestong og syner oss den.

– Eg har fiska eg. Vi var ute i båt og eg fiska, seier han, medan smilet blir berre breiare og breiare.

Om alle har hatt det like kjekt som han, kan ein vel trygt seie arrangementet var ein suksess.